Hopp til innhold

Aarebrot skuldar på politikarane

Professor Frank Aarebrot går i strupen på politikarane i Sogn og Fjordane og meiner det er deira eiga skuld at folketalet går ned.

Frank Aarebrot
Foto: Hommedal, Marit / SCANPIX

Medan nabofylka er spådd sterk vekst i folketalet dei neste 20 åra, viser prognosar at folketalet i Sogn og Fjordane vil stagnere.

LES OGSÅ: Bremer: - For lettvint av Aarebrot

- Ein skandale

Dette meiner Aarebrot er politikarane sin eigen feil. Han meiner dei tenker kortsiktig og ikkje fokuserer på kystområda der havbruksnæringa og oljeverksemda er.

- Det er etter mi oppfatning ein skandale at eit fylke som er midt i smørauget i landet, der nabofylka til saman har ein prognostisert vekst på 300-400.000 - altså ein betydleg del av den nasjonale veksten, så klarer Sogn og Fjordane å ha lilke dårlege tal som Finnmark. Det er ganske utruleg.

- Merkverdig politikk

Frå dagens folketal på 4,7 millionar vil Norge vere opp i 5,8 millionar i 2030, viser prognosane. Også på Vestlandet blir det spådd vekst - størst i Rogaland med 145.000 innbyggjarar. Men ein vekst på fattige 6.000 personar, er berre Finnmark spådd lågare vekst.

- Grunnen er rett og slett den merkverdige politikken som blir ført i Sogn og Fjordane med ein bevisst nedprioritering av dei delane av fylket som kan danne grunnlag for vekst. Nemlig det ytre kystbeltet frå Måløy til Florø, seier Aarebrot.

- Meiningslause vedtak

Aarebrot presiserer at prognosane er utviklinga slik Statistisk Sentralbyrå trur det vil gå om det ikkje skjer noko nytt.

- Byrået trur at det vil gå relativt dårleg, fordi byrået trur at Sogn og Fjordane vil halde fram med sin tåpelege politikk. Eg er redd for at det er realistisk å tru at politikarane i fylket ikkje kjem til å finne på noko nytt, seier han og viser til det han skildrar som meiningslaust vedtak om å legge fylkessenteret til Hermansverk og satsing på Førde som senter i Indre Sunnfjord - i staden for å satse på kysten slik dei andre Vestlandsfylka har gjort.

Måløy, Førde og Florø

- Politikarane bruker ostehøvel prinsipp der dei strør ressursane utover heile fylket, i staden for å konsentrere det der det ville vere vekst og satse på dei delane av fylket som kunne skape bydanning, seier han.

Aarebrot meiner at politikarane bør bygge ut området mellom Førde og Florø, med samband til Måløy. Han meiner også at politikarane må semjast om ein stor flyplass i dette området for å stimulere til næringsvekst i triangelet Måløy, Florø og Førde.