Regjeringa vedtok fredag å endre vernereglane slik at forskrifta opnar den omstridde 420-kilovolt kraftlinja gjennom Sørdalen naturreservat.
No vil SV følgje oppskrifta som har synleggjort motstanden mot fjorddeponiet i Førdefjorden: Samarbeid på tvers av partigrenser, næringsaktørar, lag og organisasjonar.
– Det er seint i prosessen, men det går føre seg framleis politisk arbeid med endring av forskrift, samt at den framleis sirkulerer i rettsstellet, seier partiet sin førstekandidat til fylkestingslista, Jakob Andre Sandal.
– Vi er usamde
For protestane mot kraftlina har ikkje vore like høglydte som mot Nordic Mining sine planar om gruvedrift i Naustdal – og fjorddeponi i Førdefjorden.
– Vi har engasjert oss, og vore usamde med den avgjerda som den raudgrøne regjeringa gjorde, og det som no blir gjort av den blåblå-regjeringa, seier Sandal og legg til at også andre fylkeslag har støtta denne motstanden.
– Uryddig prosess
Heller ikkje Sandal likar endringa som er gjort i vernereglane – berre nokre få dagar før lina skal handsamast i Borgarting lagmannsrett.
Lovendringa vakte sterke reaksjonar hos grunneigarane i Myklebustdalen, Naturvernforbundet og Venstre.
– Det er urovekkande at ein gjer tilpassingar slik for å køyre gjennom ei sak. Det viser at det har vore ein uryddig prosess i saka, seier Sandal.
Vart vanskeleg
Det var partiet sin eigen Bård Vegar Solhjell som i si tid som miljøvernminister aksepterte kraftlina gjennom naturreservatet for å sikre Midt-Norge kraftforsyning.
I helga sa ungdomspolitikarane i SV beskjed at dei vil lenkje seg saman, dersom det blir fjorddeponi i Førdefjorden. Sandal vedgår at dei ikkje har markert motstanden like tydeleg i kraftlinesaka.
– Då den raudgrøne regjeringa gjorde vedtaket dei gjorde, så gjorde dei det vanskeleg å følgje opp saka, seier Sandal.
Vil løfte saka
– Når det gjeld deponi i Førdefjorden, så er det ei sak som ikkje er avgjort. Men vi kunne sikkert løfta Sørdalen høgare, vedgår Sandal.
– Hadde SV lokalt og sentralt vore meir motstandarar om det ikkje var dykkar eigen miljøvernminister som hadde saka i si tid?
– Vi fronta saka, og var usamde uavhengige av om vi hadde miljøvernministeren og deltok i regjeringa. Det blir litt spekulasjonar det.