Om lag ni millionar kostar det å halde Vikafjellet vinterope, medan Strynefjellet, med nær dobbelt så høg årleg trafikk, kostar knapt to millionar meir.
Statens vegvesen seier dei ikkje tek omsyn til trafikkmengda.
– Trafikken er irrelevant. Bestillinga vår er at Vikafjellet skal vere døgnope. Då held vi det ope så langt vêret tillèt det, seier seksjonsleiar Øyvind Håland.
- Les også:
- Les også:
Argument for tunnel
I fjor køyrde i snitt 481 bilar over Vikafjellet kvar dag, medan tilsvarande tal for Strynefjellet var 887 bilar, av dei er over 200 tyngre køyretøy.
At det kostar langt meir per bil å halde ope Vikafjellet enn Strynefjellet betyr ikkje noko for vegvesenet, slår seksjonsleiaren fast.
– Målet er å halde alle fjellovergangane vi har mellom aust og vest opne så mykje som det er praktisk mogleg, seier han.
I Vik har dei i mange år ført ein kamp for å få tunnel gjennom Vikafjellet. Ordførar Marta Finden Halset meiner at dei høge kostnadane med å halde fjellet ope er eit viktig argument for tunnelen.
– Det er sjølvsagt trasig at ein må bruka så mykje pengar på vintervedlikehald. Men å ha eit godt og stabilt vegsamband kostar mykje også for dei kommunane som ikkje har fjellovergangar, seier ho.
- Les også:
- Les også:
Vêret skapar problem
Den rimelegaste fjellovergangen å halde ope mellom aust og vest i Sør-Norge er europaveg 16 over Filefjell, medan det er Hardangervidda som er dyrast. Der kosta det nær 15 millionar sist vinter.
Kostnadane for å halde vegane opne har ikkje gått ned, slår Håland i Statens vegvesen fast.
– Det har samanheng med at vi dei siste åra har hatt nokon vêrmessige utfordringar, som gjer at vi får meir kolonnekøyring og stenging. Då går òg utgiftene til vedlikehald opp, seier han.