Hopp til innhold

Ras trefte brøytemannskap for andre gong på få dagar

Onsdag morgon vart nok ein hjullastar råka av ras på Vikafjellet. Sjåføren fekk eit dramatisk møte med isen som kom veltande.

ras vikafjellet

RAS: Her kom raset og isblokka ned og gav sjåføren ein alvorleg støkk.

Foto: NRK-tipsar

– Eg kom køyrande oppover og såg eit ras. Når eg skulle rygge bakover såg eg ei isblokk kome over meg, seier Kristian Børsheim til NRK.

Det var Sogn Avis som først fortalde om raset som gjekk i dag tidleg klokk 05.30. Det kom berre dagar etter eit snøskred dekte hjullastaren og brøytesjåføren Eirik Stadheim på Vikafjellet.

Hjullastaren til Børsheim fekk eit kraftig møte med den store isblokka, som flytta heile maskina. Kva han tenkte akkurat då vil han helst ikkje seie høgt.

– Eg trur ikkje det eignar seg på trykk. Det vert for mykje. Eg kvapp veldig, og fekk ei vond kjensle. Akkurat der og då tenkjer ein ikkje så mykje, men etterpå kjem tankane.

Eit uvanleg ras

Ekehaug maskin opererer på strekninga. Dagleg leiar Anders Ekehaug, seier til NRK at det er eit spesielt ras.

– Det kjem tidleg på året, og er eit uvanleg ras. Det er tre meter høgt, og fem til sju meter breitt, og fullt av isblokker. Isen må ha losna langt opp og rive med seg snøen.

Vikafjellet er stengd på grunn av snøras og fare for ras, melder Statens vegvesen. Dei kallar no entreprenørane inn til eit møte for å diskutere og lære av situasjonen, opplyser Sogn Avis.

Store mengder snø på Vikafjellet

LOSNA LANGT OPPE: Raset har losna høgt oppe og er fullt av isblokker.

Foto: privat

– God lærdom

Sjåfør Børsheim seier han er relativt ny på strekninga, og etter nokre timar til å reflektere er han trygg på at han kjem seg ut på vegen att utan problem eller frykt.

– Det er ein god lærdom på korleis ein skal handtere ting, og korleis ein kanskje ikkje skal handtere ting. Eg kunne latt vere å køyre så langt opp. Eg kunne sett på temperaturen, men det er jammen lett å vere etterpåklok, seier Børsheim

Men det er og eit tungt ansvar som kviler på dei: halde den mykje stengde vegen open.

– Det er det. Men vi må gjere det beste ut av det, ta ein dag av gongen, og sjå ver og føre an. Tryggleiken må kome først, seier sjåføren.