Stemninga var spent i det ærverdige studioet med mykje historie i veggane. Sakte men sikkert vart det i morgontimane fylt opp med musikarar frå Kringkastingsorkestret og solistar frå Sogn og Fjordane.
På notestativa stod partitura som er spesialarrangert for denne anledningen. For første gong får musikarane frå Sogn og Fjordane sine eigne låtar framført av eit stort symfoniorkester, og for aller første gong skal KORK på besøk til fylket.
- LES OGSÅ:
– Betre enn eg hadde drøymt om
– Dette var heilt fantastisk. Det var mykje betre enn eg hadde drøymt om. No gler eg meg om mogleg enno meir til konsertane, seier ei entusiastisk Iselin Solheim rett etter prøvene.
Naustdalsjenta hadde ein stor radioslager med låta «The Wizard og Us» i vår, og no får den unge jenta oppleve å spele låta si med 60 musikarar frå eit av landets beste symfoniorkester i ryggen.
Tone: Det er superstas
Det same får Eva & The Heartmaker, Tone Damli, Sigrid Moldestad, Good Time Charlie, Odd-Erik Lothe, Thea Hjelmeland og Olav Stedje. Ei rekkje unge talent frå Sogn og Fjordane er også plukka ut til å få spele saman med KORK under konsertane som finn stad i Operahuset Nordfjord til helga.
– Det var superstas, eg gleda meg masse, er Tone Damli Aaberge sin kommentar rett etter prøvene i dag. Ho skal gjere ein av sine store slagerar med fullt orkester.
- LES OGSÅ:
Travel veke for KORK
Det er ei travel veke Kringkastingsorkestret no er i full gang med. Heile dagen i dag går med til prøver i Oslo saman med artistane frå Sogn og Fjordane. Deretter skal instrument, notestativ, lydbuss og ikkje minst alle musikarane flytte seg over til Vestlandet og Nordfjordeid. I den store salen i Operahuset har rigginga alt starta, og i morgon kjem utstyret frå Oslo.
På torsdag startar musikken for fullt i Operahuset med ein lang prøvedag. Fredag blir det generalprøve for om lag 1000 elevar på dagtid, og open konsert på kvelden.
Laurdagen blir dei to siste og utselde konsertane arrangert før Kringkastingsorkestret returnerer til Oslo. Det heile skal også produserast for TV og sendast på NRK1 fredag 13. desember.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Heilt unike versjonar
– Dette her blir veldig fint og stort, seier Frode Larsen som er programprodusent i KORK. Han følger spent med på alle prøvene i Store Studio i dag, og seier konserten blir ei stor oppleving både for orkester, solistar og publikum.
Alle låtane dei gjer med dei lokale solistane er arrangert spesielt til denne konserten. Mellom anna har komponisten Helge Sunde frå Stryn vore med å legge fleire av låtane til rette for KORK. Det same har Peter Baden, Karl-Johan Ankarblom og Raymond Enoksen.
Ståpels og gåsehud
– Det blir heilt unike versjonar av eit knippe sterke låtar. Eg har høyrt prøveversjonar av fleire av låtane, og eg får både gåsehud, ståpels og tårer i kroken. Dette har eg gleda meg til i fleire år, så for meg er dette ei heilt spesiell veke, seier Stian Sjursen Takle i NRK Sogn og Fjordane som er prosjektleiar for konsertane.
Det er NRK Sogn og Fjordane og Operahuset Nordfjord som arrangerer konsertane saman med samarbeidspartnarane Sogn og Fjordane fylkeskommune, Sparebanken Vest, SFE, Fjord1, Rikskonsertane og Sunnfjord GeoConsulting.
Konsertane er ein del av Sogn og Fjordane si 250-års markering, og blir eit av dei store avslutningsarrangementa for denne feiringa. I samband med dette skal det også urframførast eit heilt eige tingingsverk av komponisten Eirik Molnes Husabø frå Florø.