Det er når Kringkastingsorkestret kjem til Nordfjordeid 15. og 16. november at dei unge musikarane får sjansen til å spele saman med det folkekjære orkesteret.
Viser fram dei unge
Fire av dei unge får vere solistar på kvar sin konsert, medan dei andre fire får vere med som musikarar i orkesteret under eitt av stykka.
– Eg synst det er kjempeflott å få vise fram unge talent på denne måten. Dette gler vi oss veldig til, og skal ta godt vare på dei, seier programprodusent i Kringkastingsorkestret, Frode Larsen.
Handplukka talent
Talenta er plukka ut av ein fagjury, og får på kvar sin konsert vere ein del av det store orkesteret som tel om lag 60 musikarar.
Dei som får vere solistar og spele eit heilt stykke med KORK er:
- Fiolinist Oddhild L. Nyberg (17) frå Nordfjordeid. Ho er draumestipendvinnar i år og går på GUT som er Griegakademiet sitt program for Unge Talenter.
- Tverrfløyteduoen og tvillingane Ingrid og Maria Ose (15) frå Gloppen. Dei har også fått draumestipend i år, og har komme inn på Barratt Due sitt program for unge talent.
- Pianisten Synne Askevold (14) frå Førde. Ho fekk draumestipendet i fjor og deltek på GUT – Griegakademiet sitt Unge talent.
- I tillegg får desse vere ein del av KORK på eitt av stykka som orkesteret framfører i Operahuset.
- Bratsj – Agnes Pavelich (17) frå Nordfjordeid, operaorkestret på Eid
- Trompet – Cecilie Aalberg (21) frå Nordfjordeid, musikkstudent i Trondheim
- Slagverk – Kim Systad (23) frå Lavik, spelar i Eikanger Bjørsvik Musikklag
- Slagverk – Torgrim Halse (20 år) frå Gloppen, Toneheim, Norges musikkhøgskole frå haust 2013
Tre konsertar
Kringkastingsorkesteret skal gjere tre konsertar for om lag 1.500 store og små i Operahuset Nordfjord 15. og 16. november I tillegg får over 1.000 elevar oppleve generalprøvene til festkonserten. Billettane til konsertane går unna på Operahuset sine nettsider.
Besøket frå Kringkastingsorkesteret er eitt av dei største arrangementa i 250-årsjubileet til Sogn og Fjordane. Fylkeskommunen er også den største økonomiske støttespelaren saman med sponsorane Sparebanken Vest, Fjord1, SFE og Sunnfjord Geocenter.
Lokale stjerner
Eirik Molnes Husabø frå Florø har skrive tingingsverk til fylkesjubileet og Kringkastingsorkesteret. Verket «Tri tonar» er fylkeskommunen si gåve til seg sjølv og blir urframført på konsertane i november.
Komponisten speglar musikkhistoria i Nordfjord, Sunnfjord og Sogn, med slåttar frå kvar av dei to regionane.
Frå før er det klart at fleire av dei beste artistane frå Sogn og Fjordane også deltek på konsertane: Eva & The Heartmaker, Sigrid Moldestad, Olav Stedje, Thea Hjelmeland, Iselin Solheim, Odd-Erik Lothe, Good Time Charlie og Tone Damli (berre laurdag).