Hopp til innhold

Får skamros for bestillingsverket sitt

For to år sidan bestemte kunstnaren Eirik Molnes Husabø for å uttrykkje seg gjennom symfonisk musikk. No får han skamros for bestillingsverket «Tri tonar» som i haust skal framførast av KORK.

Eirik Molnes Husabø

FÅR SKRYT: Eirik Molnes Husabø for mykje skryt for bestillingsverket til Sogn og Fjordane sitt 250-årsjubileum.

Foto: privat

Urframføringa i eit fullsett Operahus i Eid er Sogn og Fjordane Fylkeskommune si bursdagsgåve til seg sjølv.

Det ni minuttar lange symfoniske verket skal framførast av sjølvaste Kringkastingsorkesteret (KORK).

– Det er ei ordentleg flott skildring av fylket. Eg kjende meg att, med dramatisk natur, høge fjell, djupe dalar og fjordar. Alt frå isbreane til kysten. Eg tykkjer komponisten har svart på oppgåva veldig flott, seier programsekretær Frode Larsen i Kork.

I full gang med å øve inn

250-årsjubileet finn stad i november, og dei 60 musikarane i Kork er i full gang med å øve inn verket som skal spegle musikkhistoria i dei tre futedømma. Mannen bak verket er floraværingen Eirik Molnes Husabø.

(Artikkelen held fram under biletet)

Frode Larsen og Stian Sjursen Takle

ØVER: Frode Larsen, programsekretær for KORK, saman med prosjektleiar Stian Sjursen Takle.

Foto: Eirik Sivertsen / NRK

Han blir reint rørt når Larsen skryt av verket.

– Det fantastisk å høyre. Eg gler meg over måte, og eg berre håpar at musikarane finn glede i å spele det. Eg har ikkje ord for å seie kor godt dette er for meg, seier komponisten.

Hadde null erfaring

– Det skal du ikkje vere redd for. Det gjer vi. Vi gjer mykje rart, men skilnaden er om det er godt eller dårleg laga. Dette er godt laga, og då får vi det til. No gjeld det berre å få liv i dei kunstneriske intensjonane, svarar Larsen.

Det er berre to år sidan at Molnes Husabø bestemte seg for å uttrykkje seg gjennom symfonisk musikk. Før det hadde han så å seie null erfaring med akkurat det.

– Ikkje avansert

Skal ein tru Edvin Helgheim, leiar for 250-årsjubileet, har Molnes Husabø lukkast.

– Eg må ærleg innrømme at eg har smughøyrt litt, og dette blir utruleg spennande. Og eg kan love at det ikkje blir for avansert eller for vanskeleg for den vanlege lyttar, seier han og tykkjer det passar godt med ein lokal komponist bak bestillingsverket som skal heidre Sogn og Fjordane som fylke og innbyggjarane.

– Her har vi altså ein komponist som kan skrive eit symfonisk verk, framført av eit av våre fremste symfoniorkester. Det er stort. Det blir ei fantastisk oppleving, seier han.

Vil kjenne seg att

Eirik Molnes Husabø

GLER SEG: Eirik Molnes Husabø.

Foto: privat

Molnes Husabø vedgår det ligg mykje arbeid bak «Tri tonar». Han fortel namnet kjem frå «Tritonus», som er musikkintervallet skildra som «djevelens intervall». Noko satanistisk verk er det likevel ikkje. «Tritonus» betyr også tre tonar, og for eit fylket med tre futedømme ligg det mykje symbolikk i namnevalet.

– Vil dei ulike futedømma kjenne seg att?

– Ja, det vil dei. Eg har henta tre folketonar frå fylket, ein frå Sogn, ein frå Nordfjord og ein frå Sunnfjord. Dei vil vere attkjennande fordi dei blir spelt som dei er, fortel komponisten.

– Skilje lort frå notane

Med berre nokre månader att til urframføringa, gler floraværingen seg stort. For det ligg mykje arbeid bak eit slikt verk. Ikkje minst kunstnarleg.

– Det er aller mest ein tankeprosess som går heile døgnet, i tillegg til det praktiske arbeidet med å få notane til å stemme. Skilje flugelorten frå notane, for å seie det slik, humrar han og er glad for å ha fått denne mogelegheita til å formilde kunsten sin gjennom eit så stort og anerkjend orkester som KORK.