Hopp til innhold

13. desember kan alle sjå KORK sin konsert frå Nordfjordeid

Fekk du ikkje billett til KORK sine konsertar på Nordfjordeid i november? Fortvil ikkje. 13. desember kan du sjå konserten på NRK1.

KORK

ALLE FÅR SJÅ: Sjølv dei som står utan billett til KORK-konsertane på Nordfjordeid i november, kan sjå dei musikalske høgdepunkta på NRK1, 13.desember.

Foto: Blunderbuss/NRK

– Dette blir heilt fantastisk. Det er ein draum vi har hatt når vi har arbeidd ned det. At ikkje berre dei i salen skal få oppleve det, men heile landet. Vi syne fram musikken til så mange som mogeleg, seier prosjektleiar Stian Sjursen Takle, etter at det er klart at NRK1 skal sende deler av jubileumskonserten med Kringkastingsorkestret på Nordfjordeid.

NRK skal produsere 49 minutt TV til sin største TV-kanal, NRK1, frå festkonsertane i Operahuset. Sendetidspunkt blir fredag 13. desember klokka 2005.

Alle får ta del i gullet

Artistar som Tone Damli, Eva & The Heartmaker, Olav Stedje, Sigrid Moldestad, Thea Hjelmeland, Iselin Solheim, Good Time Charlie og Odd Erik Lothe skal alle framføre sine låtar saman med 60 musikarar i Kringkastingsorkestret, heile Norge sitt symfoniorkester på Nordfjordeid i November.

Sigrid Moldestad

SKAL SPELE MED KORK: Sigrid Moldestad er ein av dei lokale artistane som får stå på scena med Kringkastingsorkesteret.

Foto: Magnus Skrede

For Kringastingsorkestret er det også ekstra spennande at jubileumsfesten vert sendt på TV.

– Vi har laga ein stor og flott produksjon, og vi er veldig glade for at resten av Norge også får sjansen til å delta på festen og får sett dette gullet, seier Rolf Lennart Stensø som er sjef for Kringkastingsorkestret. Sendinga frå Nordfjordeid vert også sendt i reprise i romjula.

Stensø meiner orkesteret får eit ekstra gir når dei deltek i fjernsynsproduksjonar.

– Det er veldig bra at vi kan presentere konserten til heile landet, sidan det er mange som ikkje får vere der. Det er eit pluss for heile produksjonen at alle kan få ta del. TV er eit sterkt medium som når u tilt mange, og det er ofte det folk snakkar om på arbeidsplassen. Noko av det morosamaste vi gjer er å vere med der folk er, og i kulturen og musikklandskapet til folk. Det gjer vi i høgste grad no, seier Stensø.

Alt ligg til rette for flotte kosnertar

Sjefen for orkesteret fortel at dei rett før helga hadde gjennomgang av arrangementa og konserten, og at alt ser ut til å vere i rute. Han ser fram til å stå på scena med dei ulike artistane.

- Det er mange fellestrekk ved artistane. Alle lagar god musikk og er flinke artistar. Vi som orkester er vande med å hoppe mellom sjangrar og stilar, det er ein del av sjela til orkesteret vårt. Det er enno nokre dagar att, men alt ser ut til å gå på skinner så langt.

Gjer festen enno større

– Eg trur ikkje det er produsert noko liknande herifrå fylket nokon sinne. Dette gjer jubileumsfesten på Nordfjordeid enno større, seier Sjursen Takle. Det er NRK Sogn og Fjordane som skal produsere TV-sendinga frå konserten saman med KORK.

KORK til Sogn og Fjordane

ALT ER KLART: Arrangørane er klare til å ta i mot 60 musikantar frå KORK, i tillegg til store og folkekjære artistar og talent frå fylket. Frå vesntre, Operahussjef Geir Holmen, prosjektleiar i NRK Stian Sjursen Takle og Øyvind Lyslo og Edvin Helgheim frå Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Foto: Tommy Bredesen

Han legg til at det i fjernsynsprogrammet også blir høve til å bli betre kjent med artistane.

– Ein får sett konserten og møtt artistane, så det er jo ein ekstra bonus.

Det er NRK Sogn og Fjordane og Operahuset Nordfjord som arrangerer konserten saman med fylkeskommunen og sponsorane Sparebanken Vest, Fjord1, SFE, Rikskonsertane og Sunnfjord GeoConsulting.

– Utan denne gjengen med samarbeidspartnarar hadde det vore heilt umogleg å hente eit slikt orkester på denne måten, seier Sjursen Takle. Konserten er ei markering av Sogn og Fjordane som fyller 250 år i 2013. Som ein del av dette får også 1000 elevar sett generalprøven til festkonserten.

Hektisk festveke

Dei første trailerane frå Kringkastingsorkestret kjem alt tysdag før konsertane, som vert arrangert 15. og 16. november. Sjølve orkestrert kjem onsdag, og har sett av heile torsdagen til prøver, før det blir generalprøver med elevar og premierekonsert fredag.

Laurdag blir det konsert både på ettermiddag og kveldstid. Alle billettane er utselde, men det er mogleg å sette seg på venteliste.

– Det er alltid nokon som ikkje kan kome fordi det dukkar opp noko, eller ein vert sjuke. Så det er berre å ikkje gi opp dersom ein har lyst å sjå denne festen i levande live. Også ei rekkje unge instrumentaltalent får vise seg fram saman med KORK, og bestillingsverket «Tri Tonar» skal urframførast. Dette blir ei musikalsk oppleving for livet, seier prosjektleiar i NRK Sogn og Fjordane, Stian Sjursen Takle.