Det er Norsk Målungdom som denne våren står bak den heller uvanlege kåringa.
Dagleg leiar Anne Straume seier dei ville finne ein litt morosam måte å synleggjere nynorskbrukarane på, og no har turen kome til sexy nynorskbrukarar i Sogn og Fjordane.
– Sogn og Fjordane er kanskje det fylket der det har kome inn flest av dei sexy nynorskbrukarane i Norge. Det er mange gode kandidatar, absolutt, seier ho.
Desse kjempar om finaleplassane
Det er i samband med språkåret 2013 at medlemsavisa til Norsk Målungdom, Motmæle, har dratt i gang kåringa. I første omgang har folk kunne nominere kandidatar i dei forskjellige fylka, og deretter har det vore fylkesvise avstemmingar.
Denne veka har turen kome til Sogn og Fjordane, og det er ein heil drøss med både kjente og mindre kjente nynorskbrukarar som kjempar om dei to finaleplassane.
- Turid Vidvei
- Yngvar Andersen
- Morten Aa Djupvik
- Sylfest Lomheim
- Oddvar Torsheim
- Finn Tokvam
- Stig Elvis Furset
- Ragnhild Sælthun Fjørtoft
- Eli Kari Gjengedal
- Tarjei Bø
- Tone Damli Aaberge
- Ronny Brede Aase
- Adrian Sandnes
- Nora Martine Hjelle Strand
- Joar Søhoel
- Sveinung Rotevatn
- Anne Viken
- Frode Søreide
- Ingvild Nave
- Gudlaug Nedrelid
- Jens Brekke
- Kristian André Sæbø
- Ann Kristin Aafedt Flatland
- Anders Klungre
- Olin Steinsvik
- Azar Karadas
- Tore Storehaug
- Kristen Myklebust Ravnestad
- Kjell Åsmund Sunde
- Eldrid Lunden
- Janne Nygård
- Jostein Flo
Vil ikkje røpe sin personlege favoritt
Straume er imponert over kandidatane frå Sogn og Fjordane, og seier det er viktig å vise fram kven det er som brukar nynorsk.
– Kvifor er det viktig å vise at det kan vere kule og sexy folk som brukar nynorsk til kvardags?
– Vi tenkjer at det er litt festleg og gøy å vise at det finst mange sexy nynorskbrukarar. Mange tenkjer at det berre er eldre folk som brukar nynorsk, men det er framleis mange som er unge og spreke, seier ho til NRK.no.
I Telemark stakk artisten Odd Nordstoga av med finaleplassen som mest sexy nynorskbrukande mann, medan det i Rogaland var kulturminister Hadia Tajik som stakk av med finaleplassen på kvinnesida.
Kven som stikk av med dei to finaleplassane i Sogn og Fjordane vil ikkje Straume seie noko om.
– Har du nokon favoritt i Sogn og Fjordane?
– Det kan eg ikkje seie på radio, eg sit jo i juryen. Så førebels får det vere ein hemmelegheit, flirer ho.
Nærmar seg finale
– Men kva er viktigast, at vedkommande er ein god ambassadør for nynorsken, eller at dei ser bra ut?
– Det går litt på begge deler, men vi vil jo at det skal vere ei litt seriøs kåring, Så vi går litt etter bra utsjånad, men også at dei er gode ambassadørar for nynorsken. Men det går jo fint an å kombinere begge, seier ho.
Måndag vart altså lista over dei nominerte i Sogn og Fjordane lagt ut på nettsida til Motmæle. Fram til fredag kan folk stemme på sin favoritt, og så nærmar det seg finale.
– Vinnarane får heider og ære, og så tenkjer vi at vi må lage ein diplom. Det er sikkert litt kjekt å sjå tilbake på dette når ein byrjar dra på åra, at ein vart kåra til Norges mest sexy nynorskbrukar i 2013, flirer Straume.