Hopp til innhold

Framleis irritert over VM-fall - no går ho for medalje i OL

Ann Kristin Aafedt Flatland (31) vert framleis irritert når ho tenkjer på fallet i Nove Mesto i februar, som kosta ho ein individuell VM-medalje. Framfor sin siste sesong er ho meir gira enn nokon gong på OL-medalje.

RUSSIA BIATHLON WORLD CUP Biathlon World Cup in Sochi

GOD KJENSLE: Ann Kristin Aafedt Flatland (31) frå Vik i Sogn er klar for sin siste sesong i skisporet med børsa på ryggen. OL i Sotsji er det store målet.

Foto: SERGEI CHIRIKOV / Epa

– Det var bittert der og då, og eg kjenner framleis at det er ganske irriterande. Å ramle frå ein individuell medalje er irriterande. Eg følte sjølv at eg var god nok for det. Den dagen var eg god som skiskyttar og medaljeklar, men eg hadde eit fall, som er slikt som skjer av og til, seier Flatland.

Men framleis sit episoden frå løypene i Nove Mesto godt spikra i hjerneborken. Bileta av Flatland som i fint driv er på veg til å passere den russiske løparen Olga Zaitseva som ligg på tredjeplass på jaktstarten.

Men så skjer det eitt eller anna, som fører til at begge løparane går på snørra så det syng. I fallet mista ho også bindinga, noko som gjorde at ho måtte ha ei ny ski. Dermed vart vegen lang til mål.

Veit at ho kan viss alt klaffar

Etter målgang var Flatland så skuffa at tårene trilla. Men ho har valt å trekkje ut det positive frå det skjebnesvangre fallet.

– Når eg tenkjer tilbake på det no, så tenkjer eg at eg veit at eg kan. Eg hadde mykje dårlegare grunnlag i fjor enn eg har no. Får eg til full klaff både fysisk og med skytinga, så kan eg vere med å hevde meg. Men ting må klaffe, seier Flatland.

I helga går dei to opningsrenna i skiskyting på Sjusjøen. Laurdag er det sprint og søndag er det fellesstart.

– Starten på sesongen er lik som åra før. Eg er litt ekstra spent og nervøs, men det blir godt å komme i gang og få senke skuldrene, seier Flatland.

(Artikkelen held fram under videoen)

flatland fall

FALLET: Her ryk medaljesjansane for Flatland i VM.

Tek uttaket med stor ro

Årets første renn er ein peikepinn på om treninga ein har lagt ned sidan fjorårssesongen har vore god nok. Samtidig er det viktig å posisjonere seg framfor uttaket til OL.

– Når det gjeld uttaket, så tenkjer eg at det får berre gå sin gang. Eg er oppteken av å gjere gode renn, og gjer eg det, så kan eg vere med på å hevde meg i toppen. Det er det eg har fokus på, seier Flatland.

Men ho understrekar at viss ho ikkje er god nok, er det ei avgjerd ho tek med knusande ro.

– Då er det andre som er betre enn meg, og då må eg akseptere det, seier Flatland.

Tykkjer ho er i rute

Eittbarnsmora føler ho har hatt ein god treningsperiode frå mai til no.

– Eg tykkjer det stort sett har gått bra. Det har gått litt opp og ned, men eg har stort sett fått gjort det eg hadde planlagt å gjere. Kroppen kjennest bra, seier Flatland.

Ho trur sjølv at ho er i rute til årets sesong. Mellom anna har ho valt å ikkje la dottera Anne (18 mnd.) gå i barnehage for å unngå sjukdom i OL-sesongen. Eit grep som også terrengsyklisten Gunn-Rita Dahle Flesjå gjorde med hell.

– Eg kjenner på kroppen at det nærmar seg sesongstart, og at det skal bli godt å komme i gang. Eg føler sjølv at eg treng fleire konkurransar, og håpar forma kjem seg meir og meir med eit par gjennomkøyringar, seier Flatland.

Ho er inne i sin siste sesong, og har vore klar på at ho gir seg etter OL i Sotsji neste år. Målsetjinga er klar.

– Det er OL som er høgdepunktet. Det er det eg satsar på, og eg kjem til å leggje opp forma min etter det. Det kjem til å bli knallhard konkurranse om plassane, det er mange gode, så eg må vere på hogget frå start. Så får vi sjå kva det held til, seier Flatland.

(Artikkelen held fram under videoen)

Ann Kristin Flatland er kjempeskuffet etter fallet som ødela sjansene om kampen om medalje. Reporter: Dag Erik Pedersen. Redigering: Hilda Klaveness

SKUFFA: Ei tydeleg skuffa Ann Kristin Aafedt Flatland etter målgang.

Veit kva som fungerer

31-åringen er ein av dei mest rutinerte skiskyttarane på det norske landslaget, og har mange meisterskapar bak seg. Det kan vere ein styrke.

– Eg har tryggleik og erfaring på kva som fungerer. Så gjer eg gode førebuingar inn mot ein meisterskap, så veit eg at eg kan vere med å hevde meg, seier Flatland.

Ho er klar på at viss ho får OL-billett, så har ho berre eitt mål for auge.

– Viss eg først skal til OL, så er medalje noko eg vil vere med å kjempe om. Ut ifrå det eg synte i VM i fjor, så veit eg at eg kan klare det, seier Flatland.

Og å setje karrierepunktum med ein OL-medalje er ikkje vikjajenta i mot. For ho er klar på at når sesongen er slutt på vårparten i 2014, så skal tida brukast på dottera Anne og ektemannen Kristian.

– Eg har tenkt at dette blir min siste sesong. Eg har ein familie som eg ønskjer å prioritere meir tid med. Eg ser fram til å endre fokuset mitt frå og med neste år, seier Flatland.

Har synt solid skyting

Idrettssjef Per Arne Botnan har tru på at vikjajenta kan gjere det godt i sin siste sesong.

– Det skal bli spennande å sjå. Ho hadde ein OK sesong i fjor, og har vore med fullt ut i år. Det er berre éi samling ho ikkje har vore på. Vi såg jo i fjor at det glapp ein medalje på eit fall, seier idrettssjef Per Arne Botnan, og siktar til det skjebnesvangre fallet under VM i Nove Mesto.

– På gode dagar kan ho ta medalje både i VM og i OL. Sjansen er like stor som den var i det VM som var, seier Botnan.

Han seier mykje står og fell med å få alt til å klaffe under ein meisterskap.

– Ho har stort sett hatt god oppkøyring, og har gjort gode ting på samling. Skytinga er solid, så då er det berre om å gjere at den fysiske formen klaffar inn mot ein meisterskap, seier Botnan.