– Dette har gått veldig fort, og det er mykje vi ikkje veit. Det kjennest litt som eit tvangsekteskap der vi ikkje har fått sjå brura utan slør. Det seier fylkestingsrepresentant for Arbeidarpartiet i Sogn og Fjordane, Torbjørn Vereide.
Han vurderer å røyste nei til fylkessamanslåing når fylkestinget skal ta ei endeleg avgjerd i desember. Det er han ikkje åleine om.
Les også: Alt du treng å vite om Vestlandsregionen
Fleire har ikkje bestemt seg, og nokre vil ikkje uttale seg, men NRK kjenner til 14 representantar av dei 31 i Sogn og Fjordane fylkesting som vurderer å røyste nei til intensjonsplanen om Vestlandsregionen.
– Vi vil jo helst ikkje ha noko fylke i det heile teke, så vi er redde for at eit nytt storfylke skal bli vanskelegare å verte kvitt enn dagens fylke. Det seier gruppeleiar for framstegspartiet Frank Willy Djuvik. Frp har to representantar i fylkestinget, og Djuvik fortel at dei begge vurderer å røyste nei.
Dei sikraste nei-korta ser ut til å vere dei to representantane til SV og Miljøpartiet dei grøne.
– Denne avtalen er ei oppskrift på sentralisering av vestlandet. Sogn og Fjordane kjem til å bli overkøyrd av dei to andre fylka, og eg kjem garantert til å røyste nei. Det seier Jakob Andre Sandal som er SV sin representant i fylkestinget.
I Rogaland er det heller ikkje sikkert at fylkestinget røyster ja: Vaklende vestlandsregion
Fylkesordførar Jenny Følling frå Senterpartiet har forhandla fram intensjonsplanen på vegner av Sogn og Fjordane, men stemninga i hennar eige parti er svært lunken.
– Eg er veldig skeptisk. Vi manglar føresetnaden for å heile avtalen, nemleg fleire oppgåver til det nye storfylket. Då ser eg heller at vi held fram åleine, seier Erlend Herstad som sit i fylkestinget for Senterpartiet.
Les også: Her vert avtalen om det nye Vestlandet signert
Også fleire andre i Senterpartiet si gruppe tenkjer på å røyste nei til intensjonsplanen. Gruppa er den største på Fylkestinget med ti representantar, og NRK kjenner til at i alle fall seks av dei vurderer å røyste nei.
Har vi noko val?
Spørsmålet mange representantar no stiller seg er om det er eit alternativ å halde fram som eige fylke, eller om Stortinget ved eit nei i fylkestinget kjem til å slå i hop fylka ved tvang.
– Eg vil helst halde fram som eige fylke, men eg trur ikkje det er noko alternativ. Eg trur Stortinget kjem til å slå oss i hop med tvang om vi seier nei. Det seier fylkestingsrepresentant for Arbeidarpartiet Karianne Torvanger. Ho har tenkt å røyste ja til avtalen.
– Folk går ikkje i fakkeltog for fylkeskommunen
Leiar for kommunalkomiteen på Stortinget Helge Andre Njåstad går langt i å seie at Torvanger har rett i mistanken sin.
– Det er enklare å slå i hop fylke med tvang, enn det er med kommunar. Folk har ikkje dei same kjenslene knytt til fylkeskommunen sin.
– Kjem Stortinget til å akseptere at Sogn og Fjordane står åleine?
– Det trur eg ikkje. Det er opp til Stortinget å bestemme kva slags forvaltning vi skal ha her i landet, og Stortinget har vedteke at vi skal ha ti regionar. Då blir Sogn og Fjordane for lite, seier Njåstad.