Hopp til innhold

Ikkje DNA frå andre ulvar enn denne

DNA-prøvene som vart sende inn frå dyreekskrement i Sunnfjord matchar ikkje med fleire ulvar enn den som vart skoten før jul. Det kan likevel ikkje utelukkast at det er fleire ulvar.

Ulven i Naustdal

BERRE DNA FRÅ DENNE: Ulven som vart skoten i Naustdal 16. desember.

Foto: Elias Engevik / NRK

I alt vart det sendt inn 12 prøver av ekskrement. Tre av dei har identisk DNA med vevsprøver av ulven som vart skoten i Naustdal 16. desember.

Rovviltkontakt Rein Arne Golf i Statens Naturoppsyn (SNO) fekk resultata av prøvene onsdag. Tre av prøvene matcha med den drepne ulven, tre var av raudrev, og resten av prøvene var «ikkje fungerande».

Rein Arne Golf

KAN IKKJE UTELUKKE FLEIRE ULVAR: Rein Arne Golf i SNO.

Foto: Arve Uglum / NRK

Men sjølv om det ikkje var DNA frå andre ulvar kan det godt vere ein ulv til i området, seier Golf.

– Vi har fanga opp DNA frå ein ulv og ikkje fleire. Vi kan ikkje utelukke at det er fleire, men det er ikkje noko av materialet vi har levert inn som tilseier at det har vore fleire ulvar i området.

Spor etter ulv?

Men for halvanna veke sidan vart det funne spor som leiar Vidar Heggheim i Naustdal sau- og geitealslag er sikker på må vere sett av ulv.

Rein Arne Golf er ikkje like sikker.

– Vi har vore og sett på nokre av desse sporobservasjonane, og dei har vi ikkje kunna sjå er ulv. Men det er og obeservasjonar vi ikkje har fått sjekka skikkeleg, så der veit vi ikkje kva statusen er.

Dyr over vegen i Viksdalen

Og måndag denne veka såg ein mann eit dyr han meiner var ulv springe over vegen framfor bilen i Viksdalen.

Finn Olav Myhren i SNO var tysdag i Viksdalen for å prøve å finne spor etter dyret, men han fann ikkje noko.

– Det var hard skare, og då blir det ikkje særleg synlege spor etter dyr. Det einaste eg såg var gamle spor etter rev og hare.

Onsdag kom det telefon frå ei kvinne som hadde sett nokre spor over eit vatn, men desse spora er enno ikkje analyserte.