Hopp til innhold

Rådhuset skal utviklast til å bli hjartet i Lærdal

LÆRDAL (NRK): 20 år gamle planar konkluderer likt for Lærdal og utviklinga; Rådhuset må få nøkkelrolle i sentrum.

Fekk presentert planer for Lærdal

POSITIVE PLANER: Maria Molden og Tone Buska presenterte interessante planar for Lærdølene onsdag kveld.

Foto: Oda Ertesvåg / NRK

– Kjempespennande planar. Ekstra spennande å sjå koplinga mellom gamalt og nytt sentrum er dei same som vart dregne for 20 år sidan, seier Trond Øyen Einemo som er varaordførar i Lærdal.

Onsdag kveld la prosjektgruppa bak tettstadsutviklingsprosjektet i Lærdal fram sine planar for kva som skal skje med Lærdalsøyri. Prosjektet er ein del av eit arbeid som går føre seg for å snu dei tøffe tidene bygda og kommunen har vore gjennom. Første del av prosjektet vart sparka i gang i mai.

Rådhuset får nøkkelrolle

Det er rådhuset i kommunen som står sentralt i planane og som skal få ei nøkkelrolle.

– Den sentrale plasseringa til rådhuset er jo der, og då handlar det om få til aktivitet der vil ikkje nødvendigvis koste så mykje, seier rådmann Alf Olsen.

Det verkar som rådhuset er nøkkelen for heile planen som vert presentert?

– Ja det opna auga mine for korleis vi får Kulturhuset og gamleøyri til å kommunisere saman. Så har eg ikkje tenkt på at det ligg noko midt i mellom. Så det var litt frigjerande å få den nøkkelen.

Det at det kjem ei gruppe utanforståande og ser på bygda opnar auga vedgår Olsen.

Lærdal

NYE LÆRDAL: Lærdalsøyri slik arbeidsgruppa ser den for seg.

Foto: Aritektgruppen Cubus

Viktig med «nye» auge

– Vi har budd og levd her ganske lenge, og vi går i gamle måtar vi alltid har tenkt på. Så det er veldig frigjerande at det kjem nokon utanfrå og set fingeren på ting.

Varaordførar seier planane ikkje har blitt gjort noko med fordi det har mangla engasjement i bygda. Men at storbrannen har endra måten å tenke på.

– Det skal ikkje stå på den politiske viljen, dersom engasjementet i folk ønskjer dette så skal det ikkje stå på politikarane. Dette handlar om korleis folk vil bruke området.

Han ønskjer første og fremst å ta i bruk område som per i dag ikkje vert brukt.

– Må tenkje stort

– Opne opp mot fjorden og bruke området ingenmannslandet mellom der har vore i mi interesse lenge, så viss brukarane vil det så gjerne. Men vi må ta omsyn til brukarane og dei mange ulike interessene.

Førebels er det ikkje sett noko tidsfrist for prosjektet, eller økonomisk ramme. For rådmann Alf Olsen som vaktar pengesekken er ikkje alt av tankar like realistisk.

– Noko av det vil vere realiserbart med relativt enkle grep, andre ting vil ha ganske høg prislapp. Det vil sjølvsagt vere ei utfordring. Men vi må jo våge å tenke store tankar og ha noko å strekke oss mot.