Hopp til innhold

Ordføraren ønskjer ville idear i Lærdal

Folk i Lærdal var inviterte til idedugnad då kommunen sparka i gang eit nytt prosjekt for utvikling av Lærdalsøyri. Ordførar Jan Geir Solheim har bestillinga klar.

Ordføraren etterlyser ville tankar

TEK INNBYGGJARANE MED PÅ RÅD: Ordførar Jan Geir Solheim studerer eit framtidsmodell for Lærdalsøyri, under idedugnaden som markerte starten for eit nytt utviklingsprosjekt for tettstaden.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

– Det er vi i kommunestyret som skal vedta ting til slutt. Så no håpar eg at det kjem opp så spenstige idear at vi får det litt vanskeleg. Det er då det er skikkeleg moro, seier ordførar Jan Geir Solheim i Lærdal.

– Storbrannen endra tenkemåten

Utviklingsprosjektet er ein del av eit arbeid som pågår for å snu dei tøffe tidene bygda og kommunen har vore i gjennom.

I 2012, etter eit år der talet arbeidsplassar hadde falle dramatisk, fekk Lærdal status som omstillingskommune. Det omgrepet fekk ny meining etter storbrannen som herja for snart halvanna år sidan.

– Brannen gav oss ein ny tenkemåte. No ser vi kanskje verdien av gamle Lærdalsøyri enno sterkare enn før. Vi vil jo ha liv her. Vi vil ha folk og liv i hus og då må vi bruke dei kvalitetane vi har her, seier han.

Venninnene ønskjer stupetårn

NYTT STUPETÅRN: Marte Nordanger (14), Ragnhild Fossen Bolstad (13) og Anne Gjellum (11) ønskjer seg fleire møteplassar og eit nytt stupetårn på stranda.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Fekk frie tøylar

Ideane florerte over borda der kart og tusjar blei brukt til å streke opp visjonane for framtida.

Kanskje ikkje alle ideane var så ville som ordføraren hadde etterlyst. Men ei av arkitektane bak prosjektet, Marita Molden, nødvendigvis er nokon krise.

– Det handlar like mykje om dei små tiltaka. Vi veit at det ikkje er uendeleg med pengar og det er kanskje ikkje eit bygg som er løysinga. Det kan vere ein benk, eit

Skal ta prosjektet i hamn

LEIAR PROSJEKTET: Maria Molden og Tone Boska, høvesvis bergensar og stril, er to av damene som er leigd inn for å ta prosjektet i hamn. Dei har god erfaring med fleire liknande prosjekt frå tidlegare.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

aktivitetsområde eller ein «happening», seier ho.

Idedugnaden gav uansett innbyggjarane eit sjeldan høve til å fortelje politikarane akkurat kva dei meiner bør gjerast. Mona Grøttebø var ei av dei.

– Eg vil ha betre belysning i sentrum. Det har eg etterlyst i mange år. No har eg moglegheita til å få sagt ifrå og det er eg glad for, seier ho.