Hopp til innhold

Her vil han bygge Nord-Europas lengste Zipline

Flåm kan få Nord-Europas lengste Zipline dersom Pål Mikkel Dalsbotten får det som han vil. 1300 meter lang og med ein toppfart på kring 100 kilometer i timen.

Pål Mikkel Dalsbotten

PLANAR: Bana sin toppstasjon kan komme på platået i bakgrunnen midt i bildet, og ende på selbøen ved Kårdalen stølsysteri.

Foto: Arne Veum / Aurlendingen

– Går alt i orden er vi klare neste sommar, seier Pål Mikkel Dalsbotten.

Saman med Atle Terum har han stifta selskapet Flåm Zipline AS. Målet er å bygge ein zipline frå Vatnahalsen til Kårdalen i Flåmsdalen.

Strekka er på 1300 meter. Høgdeskilnaden på 300 meter. Etter det NRK erfarer blir den difor lengst i Nord-Europa. I høgdeskilnad er den kanskje mellom dei høgste i verda.

Det var bygdeavisa Aurlendingen som først omtalte saka i si mai-utgåve.

Stålkabel

Enkelt forklart er ein Zip-line ein svært sterk stålkabel som sender folk og gods frå ein topp og ned i dalbotnen. I Flåm er tanken å strekke to stålkablar frå Vatnahalsen-platået til selbøen ved fellesstølen i Kårdalen.

I tillegg vil dei strekke opp ei flyvarslingsline, utstyrt med merking etter krav frå luftfartstilsynet, ifølge Aurlendingen.

Dermed kan turistmetropolen Flåm få nok ein attraksjon.

Prosjektet er inne i søknadsprosessen, og landbruksstyresmaktene i Aurland og Lærdal, grunneigarar og luftfartsstyresmaktene er so langt positive, ifølge bygdebladet.

– Vi har dei løyva vi trenger og finansieringa er på plass. Eg håpar på byggestart til hausten og at vi er ferdig i løpet av året, seier Dalsbotten til NRK.

Konkurrent på Sørlandet

Det er stadig fleire som bygger Zipline i Norge. Og i storleik har planane om Zipline i Flåm alt fått ein konkurrent.

For dersom planane blir ein realitet vil Ziplinen frå toppen av Straumsfjellet og ned til åkrane på Helle i Setesdal bli rundt tre kilometer lang. Høgdeskilnad vil bli på 550 meter, skriv Fædrelandsvennen.

Det blir i så fall verdas lengste og høgste Zipline.