– Det er veldig spesielt å sveve så høgt over bakken og i så stor fart ned mot eit steinras, seier Anne Reidun Sørensen.
Det var ho som fekk ideen til det som no er den nye attraksjonen i Fjærland. Midt opp i fjellsida under Supphellebreen er det spent opp to såkalla zip-line. Det er ein kabel som er festa i to endepunkt, slik at du kan bruke ein sele for å gli frå den høgste enden til den nedste.
Den eine er med sine fem hundre meter Noregs lengste og den når ein toppfart opp mot 60 kilometer i timen. Den andre nesten like lang, men ikkje fullt så bratt og skal dermed passe for alle.
Parken opnar på måndag, men vi fekk vere med på ein testtur. I videoen over kan du få du eit lite inntrykk av adrenalinrushet det gjev å suse av garde vel femti meter over bakken.
(Artikkelen held fram under biletet)
Sa opp jobben – satsar alt
André Øygard og Anne Reidun Sørensen er sambuarar og bur på garden Øygard i Supphelledalen i Fjærland. Han slutta som mjølkebonde i fjor, medan ho hadde siste arbeidsdag i skatteetaten på måndag.
No satsar dei alt på å lokke fartsglade turistar til aktivitetsparken dei er i ferd med å bygge opp. Eit vill idé dei fekk for ni månader sidan har no blitt realisert i rekordfart.
– Det er no litt slik vi er, at når vi får ein idé i hovudet så vil vi ha den gjennomført så fort som mogleg, seier Anne Reidun Sørensen.
(Artikkelen held fram under biletet)
Drøymer om å innreie gamalt tømmerhus
I tillegg til dei to løypestrengene, har dei fått på plass eit uteområde med badestamp, ein kulp, villmarksdusj og ei lita grillhytte. Her skal grupper kunne kose seg rett opp under fjellsida ved Supphellebreen.
– Planen er å utvide tilbodet etter kvart. Noko av det vi drøymer om er å ruste opp dei gamle husa på gardstunet, mellom anna eit tømmerhus frå 1800-talet, fortel sambuarparet.