Hopp til innhold

Fryktar følgjene av eitt stort fylkesbrannvesen

Når høyringsrunden no er ute, er kommunane, fylkesmannen og fylkeskommunen samrøystes om framtidas brannkorps: – Vi vil ha regionbrannvesen.

Brann i Høyanger

REGIONAR: Fylkeskommunen, fylkesmannen, fleire kommunar og KS i Sogn og Fjordane har sagt sitt om framtidas organisering av brannvesenet.

Foto: Arve Ullebø

Brannstudien rår justisdepartementet til å gå frå 295 til 19 fylkesbrannvesen i Norge .

No er høyringsrunden over, og dei som har sendt forslag frå Sogn og Fjordane er samrøystes imot eit så stort brannkorps.

– Brannen utvikla seg raskt og då må du ha ei kort responstid. Eg trur det vil bli utfordra med for store einingar. Ikkje minst i eit fylke som vårt, seier fylkesordførar Åshild Kjelsnes (Ap).

Fryktar lang responstid

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes

FYLKESORDFØRAR: Åshild Kjelsnes (Ap).

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Ingen brannstasjonar blir lagt på hoggestabben i brannstudien, men tanken er å samle administrasjonen til ein stad.

Kjelsnes fryktar følgjene av eit så sentralisert brannkorps i Sogn og Fjordane.

– For det første er vi eit spreiddbygt fylke, med store avstandar, relativt små kommunar. Her er det viktig at ein er sett saman slik at responstida ikkje blir for lang. Eg er redd det fort vil bli resultatet dersom ein får for sentraliserte einingar, seier ho.

– Større, men ikkje for store

Det er fylkeskommunen, fylkesmannen, fleire kommunar og KS i Sogn og Fjordane som har sendt inn høyringsbrev om at dei ikkje ynskjer berre eitt brannkorps i fylket.

Fylkesberedskapssjef Haavard Stensvand

SKEPTISK: Beredskapssjef Haavard Stensvand i Sogn og Fjordane.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Dei fleste vil heller ha tre regionbrannvesen som dekkjer over 20.000 innbyggjarar. Desse vil vere basert på samarbeid mellom kommunane.

LES OGSÅ: Har sjølve slått seg saman - brannsjefar trur store brannvesen fungerer

Beredskapssjef Haavard Stensvand meiner det er mange fordelar med større, men ikkje for store, einingar.

– Vi trur først og fremst at større einingar vil medverke til å profesjonalisere viktige delar av brannvesenet si verksemd. Ein må hugse på at noko av det aller viktigaste brannvesenet gjere er å førebyggje brannar, og der trur vi at større einingar vil medverke til ein meir profesjonalisering av den tenesta, seier han.

– Ser fordelane

Arve Meidell

FORDELAR: Arve Meidell er beredskapssjef i Hordaland.

Foto: Hallgrim Hals / NRK

Av høyringsbreva som til no er registrert hos justisdepartementet, er det berre 28 prosent som ynskjer eit fylkesbrannvesen.

Hos fylkesmannen i Hordaland seier fylkesberedskapssjef Arve Meidell at dei ser fordelane med å ha berre eit brannkorps.

– Vi ser det vel slik at det slik at det vil gje oss størst slagkraft og gi mest mogleg effektiv utnytting av ressursane innan brann og redning, seier han og ikkje trur det er rett løysing med fleire mindre einingar i staden for eitt som dekkjer fylket, seier han.

Sterkare fagmiljø

Dette gjeld særskilt ved større ulukker.

– Det går litt på det med å bygge sterke fagmiljø, gi fagleg utviklingsmoglegheit for dei tilsette og ikkje minst eit overordna leiingsapparat som kan handtere dei største og vanskelegaste situasjonane, seier Meidell.

Fylkesordføraren i Sogn og Fjordane meiner derimot at det må takast omsyn til ulikskapane mellom fylka i langstrakte Norge.

– Distrikta vil lide

Kjelsnes trur uansett at distrikta vil lide dersom administrasjonen til brannvesenet blir sentralisert.

– Det er likevel ein vesentleg skilnad fordi Hordaland består av ein stor by, der halvparten av innbyggjarane bur. Resten er distrikt. Då spørst det då kor godt vil desse distrikta bli tekne i vare i ein slik modell, seier ho.

Skal setje saman

Hans Røsjorde

VIL HØYRE: Hans Røsjorde (Frp).

Foto: NRK

Over 70 prosent av innspela til høyringa om brannanalysen ynskjer ikkje eit fylkesbrannvesen.

Hans Røsjorde (Frp), statssekretær i Justisdepartementet, lovar å ta alle på alvor.

– Det er sjølvsagt viktig å få greie på kva høyringsinstansane meiner, elles hadde det ikkje vore noko poeng å sende ut. Vi høyrer på dei argument som kjem inn, så ser vi korleis det heile skal setjast saman, seier han.