Hopp til innhold

Krev at brannberedskapen ikkje blir endra før kommunestrukturen er klar

Fylkesutvalet står skulder ved skulder i kravet om å leggje på is omlegginga av brannberedskapen i kommunane.

Fylkesutvalet i Sogn og Fjordane

STÅR SAMLA: Eit samla fylkesutval ber DSB avvente framtidig kommunestruktur før dei legg løpet for den framtidige brann- og redningstenesta.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

I dag er det kommunane som finansierer 110-sentralen, men direktoratet for samfunntryggleik og beredskap (DSB) vil leggje den ned i Florø, og samle tenesta i ein større og meir robust sentral i Bergen.

Fylkesutvalet meiner kommunane skal behalde ansvaret, og fram til ein veit kva regjeringa vil gjere med dei varsla kommunesamanslåingar, bør heller ikkje noko rokkast ved.

– Vi meiner prinsipielt at regjeringa bør vurdere organiseringa av brann- og redningstenesta som ein del av arbeidet med ei eventuell kommunereform slik at ein no ikkje lagar kart som ikkje passar med terreng om relativt kort tid, seier fylkesordførar Åshild Kjelsnes (Ap).

Ei fylkesvis leiing

Brann- og redningstenesta er under same lupa som politi, alarmsentral og domstolar. Forslaga er i hovudsak sentralisering til større einingar. Når det kjem til brannsentralane, er framlegget å kutte frå 295 sentralar i dag til ein i kvart fylke.

Hans Kristian Madsen

LEIAR: Hans Kristian Madsen er avdelingsleiar i DSB og har leia analysen.

Foto: Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap

Hans Kristian Madsen i DSB leiar brannstudien. Han understrekar at det aldri har vore snakk om å leggje ned brannstasjonar og seier at kvar einskild kommune vil ha ansvar for sin eigen brannberedskap også i framtida - med ei felles leiing i kvart fylke.

– Beredskapen må ligge der risikoen og innbyggjarane er. Det vil seie at den styrken vi har i dag med ca 620 brannstasjonar landet rundt, den vil bli halden oppe. Det handlar ikkje om å flytte brannstasjonar eller at brannfolka får lengre veg, seier han.

Fryktar kutt

– Det handlar om å samle eit meir kunnskapsdrive brann- og redningsvesen i alle ledd, og sikre at kommunane får eit brannvesen som er i stand til å takle dei utfordringane som vil komme i framtida, legg han til.

Brannsjef Sigvald Kvinge

KRITISK: Sigvald Kvinge meiner kommunane, og ikkje heile fylket, må jobbe saman om brannberedskapen.

Foto: Privat

Brannsjef Sigvald Kvinge i Gulen og Masfjorden er mellom dei som er kritiske til omlegginga. Han fryktar kutta vil kunne føre til eit dårlegare brannvesen.

– Dess lenger vekk ein kjem frå leiinga, dess lettare er det å bli gløymt. Det vil krevje mykje om ein skal ha ei sentral leiing som skal styre ut i den yttarste ende. Eg er usikker på om det vil fungere betre enn dagens ordning, seier han.

Samla fylkesutval

Fylkesutvalet i Sogn og Fjordane står samla bak fråsegna som no blir sendt DSB. Også dei fryktar for stor avstand frå leiinga til dei på grasrota.

– Vi meiner kommunane sitt syn skal leggast avgjerande vekt på. Det er ikkje minst ut frå prinsippa om ansvar, nærleik, likskap og samvirke. Dei grunnleggande prinsippa meiner vi i høve til samfunnstryggleik blir lagt alt for lite vekt på i dag, seier Kjelsnes.

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes

PÅ IS: Fylkesordførar Åshild Kjelsnes (Ap) seier fylkesutvalet var samrøystes om fråsegna til DSB.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– No har vi nett hatt ein storbrann i Lærdal og fleire branntilløp siste dagane. Har det gjeve dykk erfaring som de nyttar i fråsegna?

– Eg vil seie det slik at det var veldig spesielt for meg å vere på besøk hos justisministeren for få veker sidan og då forfekte ein bodskap, og tre veker seinare sitje i Lærdal og høyre på at dei ulike redningsetatane og personane som har vore i aksjon eigentleg budbringer akkurat det same til justisministeren.

– Må få nok ressursar

– Det tyder på at det som vi seier om nærleik og samfunnstryggleik er eit bærande prinsipp, så er det sjølvsagt også slik at dei ulike etatane må bli sett i stand til å gjere ein skikkeleg jobb. Det vil seie at dei får nok ressursar, legg fylkesordføraren til.

– Her står ein skulder ved skulder fordi vi ser at for eit fylke som vårt så vil dei sumverknadene som vi no risikerer å bli utsette for vere veldig øydeleggande både for tryggleiksprinsipp men også tilbodet som innbyggjarane i fylket vårt skal ha. Det trur eg ein ser uavhengig av partifarge, avsluttar Kjelsnes.