Hopp til innhold

Vil ha eitt felles brannvesen for heile Sogn og Fjordane

Den såkalla Brannstudien går inn for å kutte talet på brannvesen i Norge frå 295 i dag til 18 eller 19. Dette vekkjer reaksjonar.

Ny brannbil i Førde

NYTT OG GAMALT: Mykje av kritikken mot dagens organisering av brannvesenet har gått på at mykje utstyr er gamalt og slite. Førde brannvesen har endeleg fått ny brannbil, etter å ha slite med gammal bil lenge.

Foto: Raymond Lidal / NRK

Ifølgje VG står brannvernet i Norge framfor tidenes omorganisering, dersom medlemene av den såkalla Brannstudien får det som dei vil.

Utvalet legg fram si innstilling i morgon, men ifølgje avisa er det snakk om eitt brannvesen for kvart fylke.

I Sogn og Fjordane er det i dag i stor grad framleis kommunale brannvesen, men fem kommunar i Sogn har gått saman om det som heiter Sogn brannvern. I tillegg er det nokre få andre kommunar som har eit tett samarbeid.

– Dette forslaget høyres veldig lite realistisk ut, seier dagleg leiar ved Alarmsentralen i Sogn og Fjordane, Terje Brandsøy.

Han sler fast at det nok er naudsynt med ei viss omorgansisering av brannvesen- og andre beredskapstenester i Norge, men at ein då må sjå på lokale tilhøve og ikkje berre gå ut frå fylkesgrensene.

Terje Brandsøy

REAGERER: Terje Brandsøy er leiar for alarmsentralen i Sogn og Fjordane. Han trur forslaget om brannvesen-kutt er urealistisk.

Foto: Privat

Brannsjef i Førde, Bernhard Øberg, har tidlegare stilt seg positiv til ei større omorganisering av brannberedskapen i Norge. Han meiner at det må kome på plass eit nytt brannkart for Norge innan 2020.

– Mitt framlegg er at fleire kommunar bør gå i lag og samarbeide om eit felles brannvesen. Anten i form av vertskommune eller som eit interkommunalt selskap. I teorien så kunne ein berre hatt eitt brannvesen her i fylket, meiner Øberg.