Hopp til innhold

Har lite trua på eitt fylkesbrannvesen - 110-sjefen vil heller ha tre regionar

Tre regionbrannvesen vil vere ei betre løysing enn eitt felles brannkorps for heile fylket. Det meiner sjefen ved Alarmsentralen i Sogn og Fjordane.

Brann i Lærdal

KAN BLI STORE ENDRINGAR: Norsk brannkorps kan, som politiet, stå overfor omfattande reformer. Her frå sløkking under storbrannen i Lærdal.

Foto: Jan Erikstad

Eitt brannkorps i kvart av landets 19 fylke kan bli realiteten når Justis- og beredskapsdepartementet skal bestemme seg for framtidas brannkorps i Norge.

Dagleg leiar Terje Brandsøy ved alarmsentralen

ÅTVARAR: Terje Brandsøy ved Alarmsentralen i Sogn og Fjordane vil ha færre brannkorps, men fleire enn eitt stort.

Foto: Vidar Gudvangen (MMS-foto) / NRK

– Det er kome eit forslag som i utgangspunktet går på at det skal vere éin administrasjon for brannvesenet i Sogn og Fjordane. Eg meiner det blir feil, seier Terje Brandsøy, dagleg leiar ved Alarmsentralen i Sogn og Fjordane.

Nordfjord, Sunnfjord og Sogn

Brandsøy meiner likevel at det er på tide å gjere noko med organiseringa av brannkorpsa i Sogn og Fjordane.

– Eg meiner det i alle fall bør vere minimum eitt brannvesen i kvart distrikt. Eitt i Nordfjord, eitt i Sunnfjord og eitt i Sogn.

– Slik kan vi få ein fagleg god administrasjon som tek seg av både det førebyggjande arbeid og beredskapen, trur mannen som saman med kollegaene i Florø er den som sender ut brannbilane når noko varslar brann på naudnummeret 110.

Ei arbeidsgruppe leia Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap har lagt fram det som blir kalla Brannstudien. Rapporten som no er ute på høyring, er gjort på oppdrag frå Justis- og beredskapsdepartementet, og skisserer tre mogelege modellar for organisering av framtidas brannkorps.

I tillegg til DSB har KS, LO, YS, Fylkesmannen, kommunale brannkorps og universitetsmiljø sitte i arbeidsgruppa.

Frå 295 til 19 brannkorps

Bernhard Øberg

VIL HA FYLKESBRANNVESEN: Brannsjef Bernhard Øberg i Førde.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Det mest drastiske forslaget er å gå frå dagens 295 brannkorps i Norge, til berre 19. Altså eitt per fylke.

Det er eit forslag som tiltalar brannsjef Bernhard Øberg i Førde. Han har tidlegare sagt at det beste for Sogn og Fjordane er eitt brannvesen i heile fylket, med tilsvarande Alarmsentral plassert i same fylke.

– Vi er bortimot 20 brannkorps i Sogn og Fjordane i dag. Vi har ikkje noko overordna paraplyorganisasjon.

Førde kommune har fatta politisk vedtak om at dei ikkje ønskjer fylkesvise brannvesen, men regionvise.

Øberg peikar på at ein i dag risikerer å få ekstrarekning frå nabokommunen, dersom ein må få bistand frå brannvesen i nabokommunar ein kanskje ikkje har samarbeidsavtalar med. Det kan føre til at ein kvir seg for å be om hjelp, trur brannsjefen.

– Hadde ein hatt ein større organisasjon, så hadde dette med økonomi ikkje spelt noko rolle.

Florø vil ha større, men mindre einingar

Eit anna forslag er brannvesen med ansvar for minst 100.000 innbyggjarar, medan den minste modellen krev 20.000 innbyggjarar.

Og det er den løysinga Magne Igland, brannsjef i Flora, ønskjer seg.

Magne Igland

GÅR FOR MINDRE LØYSING: Flora-brannsjef Magne Igland har mest tru på den tredje og minste modellen i brannstudien. Brannkorps for ca. 20.000 innbyggjarar.

Foto: Flora brannvern

– Eg tenkjer vi skal prøve å inngå i større vesen. Då tenkjer eg brannvesen med 20.000 innbyggjarar eller meir.

– Med ei slik organisering kan ein få til 100 prosentstillingar på viktige stillingar i brannkorpset, seier Igland til NRK.no.

Han er fylkesleiar i Norsk brannbefal sitt landsforbund, og trur eitt brannkorps for heile fylket blir for omfattande.

Det er også denne modellen bystyrepolitikarane i nabobyen Førde har gått inn for.

20 sjefar å ta omsyn til

Alarmsentralen er i dag eigd av kommunane i Sogn og Fjordane. Som ansvarleg for 110-naudnummeret må Terje Brandsøy ta omsyn til mange sjefar.

Brandsøy trur færre og større brannvesen vil gjere kvardagen enklare.

– Det klart oppgåvene kunne vore litt enklare. Vi ser at politiet har det litt enklare. Ikkje nødvendigvis under aksjonar, men også i andre samanhengar der ein skal sitje og drøfte. Øvingar, opplæring og så vidare, ramsar han opp.

– Det er mange ting ein samkøyrer med politi og helse, der vi ser at dei har fordelen med at det er ein person som bestemme på vegne av heile Sogn og Fjordane. Vi må hente løyve frå kvar enkelt brannsjef viss vi skal ta ei avgjerd, alt etter kva sak vi drøftar.

Vil ha brannstasjonar som i dag

Sjølv om det truleg går mot færre brannsjefar, må dagens brannstasjonar bestå, seier Brandsøy.

– Det å ha nærleik til brannen, og det å bli følgt opp skikkeleg som mannskap er viktig. Ein må hugse på at vi berre har desentraliserte styrkar.

– Vi har ikkje nokon som bur på stasjonen heile døgnet i Sogn og Fjordane, så lokalt mannskap er veldig viktig for lokalsamfunnet. Dei gjer ein kjempeinnsats. Dei er kjapt på skadestaden. Det er mange flinke yrkesgrupper som er med i brannvesenet, og det fører igjen til at dei løyser oppgåvene sine svært tilfredsstillande.