– Det er ikkje ofte eg scorar to mål i same kampen. Kan faktisk ikkje hugse at eg har gjort det før, seier midtstopparen til NRK.no etter at Sogndal har slått Fredrikstad 2–0 – med begge måla signert Hannu Patronen:
- Allereie etter sju minutt raga den sterke finnen høgast på ein corner, og stanga ballen knallhardt i nota bak keeper.
- Ein halv omgang seinare var han på plass igjen. Nok ein gong på corner. Og nok ein gong knuste han all motstand inne i feltet, då han banka ballen i nota med pannebrasken.
– Det var absolutt bra mål. Eg er nøgd med denne kampen, seier Patronen.
- Les også:
Ein kamp med klasseskilnad på laga
Sogndal hadde stort sett full kontroll på kampen mot Fredrikstad frå start til slutt – utan at det gneistra av heimelaget. For etter dei to måla seinka det seg ein form for ro over Fosshaugane, og det var i realiteten aldri nokon tvil om kor dei tre poenga ville hamne.
– Det var vel ikkje spesielt god fotball, men ein stabil kamp frå vår side. Dei hadde femten minutt der dei var med på notane, elles hadde dei ingenting å by på, oppsummerer Patronen.
Han hadde saman med resten av Sogndal-forsvaret uvant lite å gjere på, og det vesle som kom vart enkelt stoppa av den defensive kvartetten.
- Les også:
– Heile laget kosar seg, og det er herleg stemning
Sjølv meiner den finske forsvarsbautaen at han har scora berre eitt mål i seriekamp for Sogndal før den inneverande sesongen. Ifølgje sogndalfotball.no og wikipedia står han med tre nettkjenningar. Uansett: Han er ikkje typen som noterer seg veldig ofte i målprotokollen.
No har han scora tre mål berre til no denne sesongen, og er toppscorar saman med Robin Shroot og Kristian Fardal Opseth – sånn sett er det kanskje eit symptom på at han stortrivst under Eirik Bakke sitt nye regime på Fosshaugane.
– Det er veldig bra no. Heile laget kosar seg, og det er ei herleg stemning. Samstundes er det kamp om plassane på laget, seier Patronen.
– Eg synest det er heilt greitt at vi rullerer såpass mykje på laget. Då held vi oss på tå hev, og det er dei same kriteria som gjeld for alle.
- Les også:
Skal bli ein god del betre i det offensive spelet
Overfor NRK understrekar Patronen at opprykk til eliteserien er det einaste som betyr noko for han no. Trenar Eirik Bakke er samd i at Sogndal no er inne i ei flytsone.
– Vi er ein bra gjeng saman, både på og utanfor bana. Spelarane legg ned mykje innsats i kampen, spring mykje, og vi kjem til å bli betre og betre i måten vi skal spele på. No har vi fått ein god start, seier han.
– Det verka enkelt og greitt – Sogndal kontrollerte kampen?
– Då vi fekk måla, gjorde det at vi slapp å jage. Så det var ein god kamp igjen. Eg synest vi er solide og vanskelege å møte no. Men vi skal jobbe meir med det offensive spelet vårt, slik at vi klarer å bryte ned motstandaren endå meir, seier Bakke.
Sogndal toppar no tabellen i førstedivisjon med 26 poeng etter elleve serierundar. Fredrikstad ligg under streken med sine åtte poeng. Sogndal møter onsdag Hønefoss i cupen i neste kamp på Fosshaugane.