Hopp til innhold

Nei-mannen Midtbø blir ny ordførarkandidat

FØRDE (NRK): Helge Robert Midtbø kjem ikkje til å bøye av i sin motstand mot gruvedeponi i Naustdal, når han no blir Arbeidarpartiet sin nye ordførarkandidat i Førde.

Ap sin ordførarkandidat i Førde, Helge Robert Midtbø

TAKKA JA: Helge Robert Midtbø er vanleg klinikkdirektør i Helse Førde. No kan han bli heiltidspolitikar.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Eg står på lokalpartiet sitt vedtak. Vi er imot fjorddeponi, vi meiner det er feil med den viten vi har i dag å starte mineraleventyret i Norge med å bruke fjordane som dumping for restavfall, seier Helge Robert Midtbø til NRK.

Rett før helga blei det klart at Midtbø tek over posisjonen som Førde Arbeidarparti sin ordførarkandidat. Terje Gjertsen trakk seg frå lista etter at han fekk ny jobb i Bergen og kjem til å flytte frå Førde.

– Det skjedde fort, og for ei veke sidan hadde ikkje eg tankar om at noko slikt skulle skje. Når det først skjer, er eg veldig glad for at eg har eit samla parti i ryggen, seier Midtbø.

Står bak partiet

Han er vel vitande om at han kjem inn som Førde Ap sitt andlet på utsida i ei tid då det er fleire tunge saker som delvis splittar politikarar og folk elles i Sunnfjord. I kva grad fjorddeponi-saka i Vevring vil påverke lokalvalet, er Midtbø usikker på.

Vi meiner det er feil med den viten vi har i dag å starte mineraleventyret i Norge med å bruke fjordane som dumping for restavfall

Helge Robert Midtbø

– No ligg jo denne saka sentralt, så i kva grad vi jobbar med den framover er jo usikkert. Men partiet lokalt er imot, og eg står bak partiet i den saka.

Midtbø vil no bli ståande på 2.-plass på kommunevallista til Arbeidarpartiet i Førde. Etter at Gjertsen trakk seg er det Kari Valle som tek over topplassen. Men ho har sagt klart at ho ikkje ønskjer vervet som ordførar.

Må kjempe mot Grotle

Dermed blir det Helge Robert Midtbø som skal kjempe om posisjonane i bystyre og formannskap etter valet 14. september. Olve Grotle (H) har vore ein markert ordførar dei siste fire åra, og går også på ein ny periode om veljarane vil.

–Eg er overtydd om at vi skal gjere eit godt val, så får ordførarbiten kome i etterkant. Eg trur eg vil kunne gjere ein god jobb for Førde, på lik linje med det Olve Grotle har gjort, seier Midtbø diplomatisk.

Det skjedde fort, og for ei veke sidan hadde ikkje eg tankar om at noko slikt skulle skje

Helge Robert Midtbø

Trur Førde vil vekse meir

Førde er i dag den klart største kommunen i Sogn og Fjordane med over 12800 innbyggjarar per 1. januar 2015.

– Eg trur at Førde kan og vil vekse meir. Eg er ein av dei som også meiner at vi må ha eitt senter eller to som blir større enn i dag. Men om ein til dømes ser kommunane rundt Førde, så held dei også folketalet oppe, slår Midtbø fast.