Hopp til innhold

Gudvangatunnelen måtte luftast

Den farlege gassen i Gudvangatunnelen er lufta ut og tunnelen har opna, opplyser Statens vegvesen.

Gudvangatunnelen

FARLEGE GASSAR: Gudvangatunnelen var stengd i 40 minutt for å få lufta ut dei farlege gassane i tunnelen.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

E16 gjennom Gudvangatunnelen vart stengd like etter klokka 1730 etter at det vart funne for høge gassverdiar i tunnelen.

– Nivået av gassar har vore litt for høgt på grunn av høg trafikk gjennom tunnelen, opplyste trafikkoperatør Trygve Fauskan ved Vegtrafikksentralen til NRK.no.

Dei farlege gassane har hopa seg opp i tunnelen som av stor trafikk.

Ein polsk lastebil byrja 5. august 2013 å brenne to-tre kilometer inn frå Undredal-sida i Gudvangatunnelen. Rundt 70 personar vart sende til sjukehus i Lærdal, Førde, Bergen og Voss.

– Det er ikkje svært for høge gassverdiar for mykje vi snakkar om, men nok til at vi tar ei stenging og luftar ut.

Fauskan seier det ikkje er ofte at tunnelen blir stengd på grunn av for høge nivå av gass.