Hopp til innhold

Flammane er sløkt - uvisst omfang av tunnelbrannen

Flammane i bussen i Gudvangatunnelen er no sløkt, men omfanget av den dramatiske brannen er førebels heilt uvisst.

Ambulansefolk i Flåm

VENTAR: Ambulansemannskap frå både Hol og Aurland har kome fram til Flåm, der dei no får ein oversikt over dei som har vore i tunnelen.

Foto: Arne Veum / NRK

Minst tre personar har blitt skadde i den dramatiske brannen i Gudvangatunnelen. Skadeomfanget er førebels ukjend. Brannen i turistbussen skal no vere sløkt.

– Skadeomfanget kjenner vi ikkje til, seier Einar Vereide ved Sogn og Fjordane politidistrikt klokka 15.30.

Rundt klokka 14.40 melde politiet at det var om lag 40 menneske i tunnelen då det byrja å brenne. Det er bilar og folk i tunnelen, opplyste politiet då.

Klokka 15.35 melder 110-sentralen at brannen er sløkt. Det var Statens vegvesen som første melde at det var brutt ut brann i ein buss 500 meter inne i den 11,4 kilometer lange Gudvangatunnelen. Alle blir bedne om å evakuere tunnelen.

Vegvesenet gjer merksam på at røyken går i retning Flåm og ber folk velge andre vegen ut av tunnelen. Tidlegare gjekk røyken i retning Bergen.

Brann i Gudvangatunnelen

Brannvesenet er inne i tunnelen

Brannvesenet er no inne i tunnelen, medan Norsk Folkehjelp og Røde Kors tek seg av folk som blir evakuerte.

– Det har komme ut folk frå tunnelen på Aurlandssida. Dei evakuerte frå bussen blir tekne hand om av hjelpeapparat og frakta til Flåm med båt, seier lensmann i Aurland og Årdal, Magne Knudsen.

– Korleis er situasjonen for dei?

– Det veit eg ikkje, for eg har ikkje snakka med nokon som har vore der inne. Vi kan berre tenkje oss korleis det har vore, seier Knudsen.

Brannbil Gudvangatunnelen

MASSIV AKSJON: Brannfolk frå Voss, Aurland og Bergen på veg til Gudvangatunnelen.

Foto: Arne Veum / NRK

Sender brannmannskap i helikopter

– Situasjonen er uavklart. Vi har sendt loshelikopteret frå Bergen med mannskap frå brannstasjonar i Bergen. Redningshelikopter er på veg frå Florø, det same er fleire luftambulansar, opplyser Hovudredningssentralen.

Ifølgje politiet er det førebels ikkje meldt om skadde personar. Politiet melder også brannvesenet held på med sløkking.

– Det står eit ukjend tal bilar inne i tunnelen, opplyser politiet.

Ketil Molvær

- SKREKKSCENARIO: Ketil Molvær på Vegtrafikksentralenm.

Foto: Privat

– Var nære på

Ketil Molvær ved Vegtrafikksentralen i Lærdal stadfestar at dei har fått melding om brannen.

–Vi har fått beskjed om at det er ein buss om brenn, og vi har via kamera i tunnelen sett at det er sterk røykutvikling. Det er teke eit brannsløkkingapparat, og då får du eit skilt om å snu og køyre ut, og det har vi sett at fleire har gjort.

– Så langt ser det ut til at det heile har fungert, men vi veit ikkje om det er att bilar i tunnelen. Men i kameraet ser vi at det ikkje er trafikk ut av tunnelen på Gudvangen-sida. Men det har vore nære på, eg såg to trailerar som snudde, men det var i siste augneblinken for den siste, for det vart veldig sterk røykutvikling rett etter at han snudde.

– Eit skrekkscenario

Molvær seier at brannen har oppstått nærmast Flåm-sida, om lag ein tredel inne i tunnelen.

– Korleis opplevde de det då de fekk dette på skjermane?

– Dette er eit skrekkscenario å få ein brann i ein tunnel, så dette likar vi ikkje. Vi får håpe det går bra denne gongen og.

Bilkø Gudvangen

LANGE KØAR: Det har danna seg lange køar på begge sider av Gudvangatunnelen.

Foto: NRK-tipsar

Næraste nabo til Gudvangatunnelen, butikkdrivar Geir Hylland, seier til NRK at det er mange bilar som står i kø.

– Dei prøver å dirigere vekk bilane og få dei til å snu. Eg har sett brannbilar, eit par sjukebilar og helikoptre. Det har ikkje kome noke røyk ut av tunnelen her, men eg kan ikkje sjå opninga frå her eg står, seier Hylland.

Alvorleg brann for to år sidan også

Sommaren 5. august 2013 byrja ein polsk lastebil å brenne i den same tunnelen. Den gongen blei kring 70 menneske send til sjukehus i Lærdal, Førde, Bergen og Voss.

Ingen personar omkom i brannen den gongen, men tunnelen fekk store skader og vart stengd ei god tid grunna reperasjonar.

I etterkant blei det retta kraftig kritikk mot både brannvesen og Statens vegvesen i havarikommisjonen sin rapport, som blei lagt fram tidlegare i år.

Flåm havn tunnelbrann

TAR IMOT I HAVNA: Havna i Flåm blir gjort klar til å ta i mot dei som har vore i tunnelen. Fleire blir frakta i båt til Flåm.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK