– Gründerane som held til i fylka rundt storbyane Bergen, Oslo, Kristiansand og Stavanger gjer det best. Suksessraten er over landsgjennomsnittet i desse fylka, står det i ein rapport laga av Menon Business Economics på vegner av DNB.
Berre 15 prosent av gründerane som starta i Sogn og Fjordane i 2003 hadde suksess fem år etter. Det er dårleg i forhold til landsgjennomsnittet. Berre Troms og Finnmark har lågare suksessrate. I Rogaland, Oslo og Buskerud var denne prosentdelen på høvesvis 30, 29 og 27.
– Er optimist
Dei tre siste åra har administrerande direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane, Arvid Andenæs, sete i juryen for Gründerprisen i fylket. Han har sett mange gode søkjarar og finalistar.
– Mange av finalistane har blitt gode og lønsame verksemder med både gode økonomiske resultat og mange tilsette i åra etterpå. Eg er optimist med tanke på å skapa nye bedrifter her i fylket i tida framover.
- Les også:
Kompetanse flyttar seg til byar
Årdølen Morten Strid er ein av gründerane som står bak suksess-appen DeeMe. Han bur no i Bergen.
– Eg trur at mykje av grunnen til at gründerar i storbyar gjer det betre er folka ein er omgitt av. Det er meir kompetanse som flyttar til byane og samlast. Det gjer at du får ein slags synergieffekt av å omgi deg med folk som rett og slett er flinke, forklarer han.
- Les også:
– Det er ein grunn til at dei aller største har røtene sine i Silicon Valley. Det er fordi det er så mykje kompetanse samla der.
Kan skyldast lite vekst i fylket generelt
Knut Vareide ved Telemarksforsking har drive med forsking om regional utvikling og innovasjon for ei rekkje fylke og kommunar. Han seier at det kan vera fleire årsaker til at Sogn og Fjordane kjem dårleg ut av rapporten til DNB.
– Ei av årsakene kan vera at fylket har hatt liten eller ingen folkevekst. Det kan føra til at det er vanskeleg for gründerar å etablera seg i Sogn og Fjordane enn til dømes i Oslo.