Hopp til innhold

Då Tor Kristian gjorde comeback, snudde alt: På sju kampar tapte dei berre eitt sett - og tok gull..

(Førde - Kristiansund 3-0): Då det meste gjekk på tverke tidlegare i sesongen, børsta Førde støvet av Tor Kristian Kvammen. No kan klubben takke 35-åringen for at dei sikra seg historiens andre seriegull.

Førde sikra seg seriemeisterskapen i volleyball 2013 etter 3-0 mot Kristiansund på heimebane. Her ser du eit samandrag av kampen og jubelen etterpå.

NØKKELSPELAR: Tor Kristian Kvammen har vore verdt si vekt i gull for Førde denne sesongen. Etter comebacket sikra klubben seg sitt andre seriegull. Sjå korleis Førde tok gull her. Foto og redigering: Alf Vidar Snæland

– I heile trenarkarrieren min er nok dette det meste effektive grepet eg har gjort. All ære til Tor Kristian for det han har gjort, seier trenar Frank Roger Kalstad.

Jubelen har nettopp lagt seg etter at Førde har feid Kristiansund av bana og sikra klubbens andre seriegull gjennom tidene.

Eitt tapt sett på sju kampar

I sentrum av oppstusset står ein tydeleg nøgd Tor Kristian Kvammen. Den rutinerte oppleggjaren la opp for nokre år sidan, og hadde i vinter ikkje starta ein kamp på tre sesongar.

Det var heilt fram til trenaren bestemte seg for å prøve noko nytt. Då hadde Førde vore gjennom eit sviande nederlag i cupfinalen, tidleg exit i Nordic League og sviktande formkurve i serien.

– Laget var litt nede for teljing, ja. Vi vart samde om at vi måtte gjere noko. Så vart det til at eg kom innpå i seriekampen mot Nyborg - og vi slo dei 3-0, fortel Kvammen.

Kort fortalt: Sju kampar seinare er Førde seriemeistrar igjen - fem år etter den første gongen klubben presterte det samme. Og: Etter at Kvammen gjorde comeback, har laget berre tapt eitt einaste sett - på sju kampar.

(Artikkelen held fram under videoen)

Førde slo Kristiansund 3-0 og sikra klubbens andre seriegull i volleyball gjennom tidene. Etterpå stod jubelen i taket i Førdehuset.

JUBEL: Førde tok klubbens andre seriegull. Her ser du jubelscenene etter kampen. Foto og redigering: Alf Vidar Snæland

Seriegullet heng veldig høgt

Alle NRK.no har snakka med gir ein stor del av æra til 35-åringen frå Jølster.

– Det er nesten pinleg for oss andre, for han har betydd utruleg mykje - det er det ingen tvil om. Han er så rutinert, og det er herleg å ha han på bana. Eg veit alltid kva legg eg får. Og han er ein god lagspelar, seier Mathias Loftesnes.

Sjølv er kantspelaren frå Sogndal no seriemeister i to land.

– Dette var det første seriegullet mitt i Norge, og det er utruleg herleg. Det heng høgare for meg enn seriegullet i Estland, seier Loftesnes.

«Skal gratulere Nyborg med sølvet...»

No er Tor Kristian Kvammen den einaste spelaren på Førde som har vore med på «alt» med klubben. Han var mellom anna kaptein då Førde tok det første cupgullet i 2007. Det var han også då klubben tok det første seriegullet året etter.

Med om lag 300 kampar er han blant spelarane med flest kampar i klubben.

– Kva med neste sesong....?

– Eg trur ikkje eg skal svare på det no. Eg har eigentleg ikkje tid til å spele volleyball på dette nivået - men heldigvis hadde vi sju heimekampar på rad denne våren, humrar Kvammen - som elles i sesongen har spelt for Førde sitt 1. divisjonslag.

– No skal vi til Bergen i den siste serierunden og gratulere Nyborg med sølvet, ler han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Tor Kristian Kvammen i opplegg for Førde

OPPLEGG: Slik ser det ut når Tor Kristian Kvammen serverer lagkameratane med legg. - Viktig, påpeikar Mathias Loftesnes.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Tor Kristian med avgjerande rolle

Etter at Førde slo Randaberg 3-0 i Førdehuset laurdag, var det duka for ein rein seriefinale for Førde mot Kristiansund dagen etter.

Kampen vart aldri korkje velspelt eller spennande. Til det var Førde for gode, samstundes som spelarane var tydeleg spente og avventande.

Trenar Kalstad stadfestar at Førde har fått seg eit løft i serieinnspurten etter nedturen i cupfinalen mot erkerivalen Nyborg.

– I dag merkar eg at alvoret sneik seg inn. Det vart litt passivt og avventande. Men det har stort sett vore bra etter cupfinalen, seier han.

– Det er dessutan tydeleg at Tor Kristian har spelt ein heilt avgjerande rolle oppe i dette. No er det ro i laget - og vi har fått tilbake humøret, seier Kalstad.

Berre for liksom å understreke det heile, varta Kvammen opp med poeng på sju strake servar i inngangen til det tredje settet. Då stod det brått 8-0 til heimelaget, og gullet var i realiteten sikra.

Marcin Lubiejwskij i angrep

FLEST POENG: Marcin Lubiejwskij dunka inn 15 poeng i løpet av tre sett mot Kristiansund.

Foto: Rune Fossum / NRK