Hopp til innhold

Førde eit steg nærare seriegullet

Førde–Randaberg 3-0: Førde er eit steg nærare seriegullet etter at dei vann 3–0 mot Randaberg laurdag ettermiddag.

Førde - Randaberg

VANN HEIME: Førde tok alle poenga mot Randaberg i Førdehuset laurdag ettermiddag.

Foto: Einar Solheim

Settsifra blei 25-19, 25–21 og 25–22. Med tre nye poeng i dag, blir Førde seriemeistrar om dei klarer tre poeng mot Kristiansund søndag.

Frank Kalstad

NØGD TRENAR: Frank Kalstad trur på siger også i morgon. Då er seriegullet sikra.

Foto: Rune Fossum / NRK

Førde-trenar Frank Kalstad er godt nøgd med resultatet i dag. Det var ein bra gjennomført kamp, sjølv om trenaren seier det gjekk litt opp og ned.

Vi starta både andre og tredje settet dårleg, men klarte å snu det. Vi hadde gode server og Randaberg sleit med mottaket. Den vinnarviljen laget viste i dag, er bra å ha med seg, seier han.

Håper serven sit i morgon også

Etter dagens siger, hadde spelarena ei samling før dei reiste heim for å lade batteria. I morgon er det trening klokka 11, før det blir gjennomgang av motstandarlaget Kristiansund.

– Dette er eit lag vi kjenner godt. Set vi serven slik vi gjorde i dag, er mykje av jobben gjort, trur trenaren.

Kalstad seier det er mykje som står på spel og det er viktig med rett fokus. Etter cupfinaletapet mot Nyborg, sleit Førde-laget med det mentale. Trenaren og laget har hatt mykje fokus på dette i ettertid.

– Vi knakk litt i hop. Vi har jobba med at alle må tørre å stå fram og det har dei vist til fulle i det siste. Tidlegare stod dei med lua i handa, det er det slutt på no. Laget er trygt og godt no.

Tek ikkje lett på kampen

Men Kalstad og resten av laget tek ikkje lett på den kampen, sjølv om Kristiansund ligg nest sist på tabellen.

– Tanken er at vi skal gjere same jobb i morgon som mot alle andre vi møter. Spelarane veit kva som står på spel. Vinn vi kampen i morgon, blir vi seriemeister. Vi skal møte nettopp Nyborg i siste serierunde 7. april og det hadde vore bra å reise til den kampen utan å måtte vinne.

Førde toppar tabellen med 51 poeng på 19 kampar, Nyborg har 50 poeng på 20 kampar. Med tre nye poeng i morgon, har Førde fire meir enn bergensarane.

– Då kan dei ikkje ta oss igjen. Eg har god tru på feiring i morgon, seier ein optimistisk trenar.

Førde – Kristiansund blir spelt i Førdehuset klokka 16. Sjekk nrk.no/sf for fyldig dekning i tekst, video og bilete.