Førde er seriemeistrar i volleyball

Førde er seriemeistrar i volleyball for herrar, etter at dei slo Kristiansund VBK i Førdehuset i dag.

Førde slo Kristiansund 3-0 og sikra klubbens andre seriegull i volleyball gjennom tidene. Etterpå stod jubelen i taket i Førdehuset.

JUBEL: Førde volleyballklubb kunne sleppe jubelen laus etter 3-0 over Kristiansund. Med sigeren var seriegullet i boks. Foto/redigering: Alf Vidar Snæland

Heimelaget var suverene i kampen og vann 3-0 i sett. Då siste poeng vart sett, braut jubelen laus i Førdehuset.

Sist gong Førde vann serien var i 2008. Sidan den gong har Nyborg vunne alle åra, fram til no.

Førde vann det første settet 25-19. I det andre settet var det litt jamnare, men heimelaget drog i land det også, 25-22. I det avgjerande tredjesettet vann Førde 25-21.

Det er ein kamp att på kampprogrammet, men Førde leiar no serien med fire poeng, og difor har ikkje Nyborg, som ligg på andreplass, moglegheit til å ta att Førde.