Hopp til innhold

Jenny Følling: Dialogen mellom Fjord1 og fylkeskommunen har vore for dårleg

HERMANSVERK (NRK): Fylkesordførar Jenny Følling innrømmer no at kommunikasjonen mellom styret i Fjord1 og fylkeskommunen som eigar har vore for dårleg. Ein bergensar skal bøte på dette.

Jenny Følling fylkesutvalet 7. desember 2015

KLAR TALE: Fylkesordførar Jenny Følling meiner at det nye styret i Fjord1 vil skape ein betre dialog med eigarane.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

For fylkesutvalet bestemte i dag at den røynde advokaten Pål W. Lorentzen blir ny styreleiar i Fjord1 etter Reidar Sandal.

Med seg i det nye styret får han med seg avtroppande banksjef i Sparebanken Sogn og Fjordane, Arvid Andenæs, rådmann i Hyllestad, Bente Nesse og Høgre-mannen og forretningsmannen Vidar Grønnevik frå Florø.

Desse kjem inn i staden for styreleiar Reidar Sandal, som saman med fleire andre styremedlemer, trakk seg på dagen frå verva sine i Fjord1-styret.

– Fått til eit godt styre

Eit samrøystes fylkesutval vedtok dette måndag føremiddag, stikk i strid med fylkesrådmann Tore Eriksen si tilråding om Jan Øhlckers som ny styremedlem. Det blei tidleg klart at det ikkje ville bli noko fleirtal for Øhlckers, som tidlegare var fylkesrådmann i Sogn og Fjordane.

Dei siste dagane har det vore fleire diskusjonar i dei ulike partia om kven som kan få dei sentrale posisjonane i ferjeselskapet, og partia landa på eit felles framlegg om styregrossisten Lorentzen i topposisjonen.

– Eg tenker at vi har fått til eit godt styre, med ein styreleiar som har meget høg kompetanse på styrearbeid, frå Høgsterett og frå menneskerettsdomstolen i Haag, seier fylkesordførar Jenny Følling.

Atle Helljesen, Pål W. Loretzen og Bjørn Stordrange (f.v.)

NYVALD: Pål W. Lorentzen (i midten) er ein svært røynd advokat. No blir han ny styreleiar for Fjord1.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

– Må snakke saman

Det er ei kjend sak at kommunikasjonen mellom fylkesordføraren og tidlegare styreleiar Reidar Sandal var alt anna enn god på slutten. Ho vil ikkje kommentere om det har vore mistillit frå ho til Sandal.

– No er det dialog som har vore mangelvare, og det er viktig å få dette på plass mellom styret og eigar. Vi må snakke saman og ha tillit til kvarandre.

– Du seier at det har vore ein mangel på dialog. Har det ikkje vore tillit mellom deg og Reidar Sandal?

– Eg har berre vore ein månad i denne situasjonen, så eg har ikkje spesiell erfaring med det. Men eg er overtydd om at det burde ha vore mykje meir dialog mellom styre og eigar.