Hopp til innhold

Fryktar det er fleire ulvar i Sogn – sauebonde Ola Aaberge (61) har aldri opplevd liknande

I sine over tretti år som sauebonde har ikkje Ola Aaberge i Sogndal vore borte i ein liknande situasjon. Etter fleire observasjonar over større område fryktar mange no at det er meir enn ein ulv på ferde i Sogn.

Sauebonde Ola Aaberge er svært uroa over dei mange ulveobservasjonane i Sogn

UROA: Sauebonde Ola Aaberge er svært uroa over dei mange ulveobservasjonane i Sogn. Eit av hans lam vart funne daudt på måndag, og SNO sin kontakt seier skadane er innrapportert som ulv.

Foto: Privat

– Det er første gongen eg opplever dette. Vi har trudd at vi var forholdsvis sikre, seier sauebonden i Sogndal.

Måndag denne veka fekk han den skremmande beskjeden om at eit av lamma hans etter all sannsynlegheit var drepe av ulv. Lammet vart funne i området Kleiv i Sogndalsdalen, og sauebonden er no ein av mange uroa bønder i Sogn.

– Mange bønder er veldig urolege no etter observasjonar av ulv fleire stader, og dokumentert skade etter ulv, seier Arne Rebni Øverås som er rovviltkontakt i Skjolden beitelag.

– Kan føre til katastrofale tap

Dei siste dagane har det kome inn meldingar om observasjonar av ulv fleire stader i Indre Sogn. Dette gjeld både på Leikanger, i Fjærland og på Hafslo, og no også i Luster.

Arne Rebni Øverås i Skjolden beitelag seier dei nokre av observasjonane er tett i tid, men med ganske store avstandar, og fryktar dette kan bety at det er meir enn ein ulv på ferde.

– Vi har i tillegg fått inn meldinga rom at det denne sommaren er venta meir ulv enn før inn frå Sverige, noko som gjer oss meir uroa enn tidlegare, seier han til NRK.no.

– Kor dramatisk er situasjonen?

– Førebels er vi uroa, men det har ikkje vore så mykje dramatikk enno. Vi håpar at ulvane kan vandre austover att. Om dei slår seg ned her, har vi sett frå andre delar av landet at det kan føre til katastrofale tap for bøndene. Dette er noko vi håpar å unngå, seier Øverås til NRK.no.

Fekk den frykta telefonen

Ein som allereie har merka korleis ulven kan ta for seg er sauebonde Ola Aaberge i Sogndal. Før helga sende han flokken sin på rundt 110 dyr på beite i Sogndalsdalen, men berre to dagar etter kom beskjeden om at noko var gale fatt.

– På ettermiddagen måndag fekk eg telefon frå ein turgåar om at det var funne eit daudt lam. Det er slikt som kan skje, men i år var lamma veldig fine og friske så eg var litt overraska, fortel bonden.

Bonden kom raskt i kontakt med Einar Fortun som er rovviltkontakt for Statens Naturoppsyn. Han var i området for å sjå til eit anna daudt lam, som det viste seg at var drepe av ørn.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ulv skutt sykkylven

SKOTEN I SYKKYLVEN: Denne 45 kilo tunge hannulven vart skoten ved Sessvatnet i Sykkylven sist veke. Dette kan vere den same ulven som vart observert i Nordfjord i dagane før.

Foto: Robert Kvam

– Store skader inni

Han reiste sjølv opp til beiteområde ved Kleiv, og tenkte ikkje noko på at det kunne vere ulv som hadde teke lammet av dage. Saman med Fortun undersøkte bonden lammet nærare.

– Vi trudde først ikkje det var så alvorleg, for det viste ikkje så mykje utvendig på lammet, seier Aaberge.

Men då Fortun flådde lammet for å sjå nærare på skadane viste det seg at det mest truleg var ulv.

– Lammet hadde veldig store skader inni, og Fortun såg på måten det var gjort på at det måtte vere ulv. Ein tenkte også på hund, men han såg at dette var gjort på ein profesjonell måte.

Fortun seier til Sogn Avis at alt tyder på at dette er ulveskadar.

– Eg har sett ulveskadar før og dette minner om ulv. Men det er vanskeleg å sjå når ein berre har eitt kadaver. Eg har rapportert skadane inn til SNO som ulv, og så er det opp til dei å konkludere, seier Fortun til avisa.

– Eit lite sjokk

Aaberge seier det er skremmande at det kan vere ulv på ferde i det populære beite- og turområdet i Sogndalsdalen. I sine over tretti år som sauebonde har han ikkje vore med på ein liknande situasjon.

– Dette var eit lite sjokk. Men eg er glad lammet skal ha blitt drepe nokså momentant, utan store lidingar, seier han.

Noko av det han er mest redd for er at ulven eller ulvane har skremt opp sauene slik at flokken har spreidd seg over store område.

– Det eg er redd kan ha skjedd er at lam har blitt skilde frå mødrene sine. Om lamma blir gåande for seg sjølve kan dei nærast svelte i hel. Dei er avhengige av kontakt med mora si, seier han.

Har leita etter ulv i Sogndalsdalen

Etter dei to ulveobservasjonane i Leikangerfjella tidlegare i veka har Fylkesmannen i Sogn og Fjordane gitt løyve til felling, melde Sogn Avis tidlegare i veka.

Seinast natt til torsdag har eit jaktlag på tre personar vore på leit etter ein ulv i Sogndalsdalen.

Arne Rebni Øverås i Skjolden sankelag seier det vart observert ulv i Dalsdalen i Luster tysdag, og at bønder i Sogn no held ekstra oppsyn med dyra sine.

– Vi følgjer godt med, og fører ekstra tilsyn med sauene. Vi er glade for at det er gitt fellingsløyve og at fellingslaget er i beredskap.

Han seier dei i det lengste håpar at ulvane ikkje slår seg til i området.

– Det beste for oss er at dei raskt vandrar vidare, eller at dei raskt blir felte, seier Øverås til NRK.no.

Ber folk melde frå

Rovviltkontakten ber no folk som ferdast i terrenget om hjelp.

– Vi er heilt avhengige av å få inn meldingar om observasjonar, for skal ein få felt ulven må ein vere ganske raskt på staden.

– Vi oppmodar folk om å melde raskt frå om dei ser noko. Vi vil ha inn meldingar sjølv om folk er usikre på kva dei har sett. Det er betre med nokre feilmeldingar enn å få inn for å få meldingar, understrekar han.