Hopp til innhold

Frustrert over manglande tillit i Sogndal – no får han sjansen til revansje

Når Sogndal i dag reiser til Ulsteinvik for å møte Hødd, møter dei òg ein revansjelysten Robin Shroot. Han meiner Sogndal har falle tilbake til gamle synder i løpet av sesongen.

Robin Shroot

NYTT MØTE: Robin Shroot er skuffa over at han ikkje lukkast i Sogndal, men takksam for moglegheita han fekk. Her i aksjon mot Hødd, laget han spelte for før, og gjekk til etter, opphaldet i saftbygda.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Eg gjekk til Sogndal fordi eg trudde det skulle bli fokus på spelarutvikling og ein angripande stil. Men jo lengre ut i sesongen vi kom, jo meir verka laget å gå tilbake til ein meir direkte stil med mykje dødballar og innkast. Eg trur ikkje Sogndal følte eg passa inn i den stilen, seier Shroot.

Han trur Sogndal må ta grep om dei har ambisjonar om å bli eit stabilt tippeligalag.

– Sogndal toppar tabellen, men på lang sikt håper eg laget fokuserer meir på å utvikle unge, angripande og kreative spelarar for å gje klubben kontinuitet i Tippeligaen.

Laster innhold, vennligst vent..

– Eg vart veldig frustrert

Det halve året på Fosshaugane vart ikkje som Sogndal, Shroot sjølv eller supporterane håpa på. Det vart etter kvart lite speletid for den målfarlege spissen.

I sin siste kamp frå start for Sogndal vart Robin Shroot kåra til banas beste spelar etter skåring og storspel mot gamle lagkameratar i Hødd. Neste kamp var han ubrukt reserve og i avskjeden fekk han eit innhopp på 21 minutt.

– Det var nok truleg fleire grunnar til at eg ikkje vart verande lenge i Sogndal, men eg trur det kokar ned til at klubben følte dei ikkje klarte å bruke meg jamleg og bestemte seg for at det var best om eg flytta på meg. Slik er fotballen, seier Shroot.

Shroot scora 16 mål på 23 kampar for Hødd i fjor, og var på delt andreplass over toppscorarane i divisjonen. I år har det gått mykje tyngre.

– Eg vart veldig frustrert fordi, som alle fotballspelarar, ville eg berre spele. Året før hadde eg min beste sesong nokosinne og hadde lyst til å bygge vidare på det. Det å ikkje få spele så mykje som eg ville var veldig frustrerande.

Shroot på plass i Sogndal

DEN GONG DÅ: Robin Shroot var Eirik Bakke sin første store signering. Shroot skulle bli målscoraren laget hadde sakna, men vende tilbake til Hødd etter berre eit halvt år i Sogndal.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Veit ikkje om han vil feire mål

Han meiner likevel at han lærte mykje av tida i Sogndal, ikkje minst utanfor bana, og takkar støtteapparatet for moglegheita han fekk.

– Eg vil òg takke alle supporterane. Eg respekterer framleis klubben, seier Shroot.

Då han scora mot Hødd i juni valde Shroot å ikkje feire. Kva han vil gjere om han puttar mot Sogndal, har han ikkje planlagt.

– Vil eg feire om eg scorar? Eit mål er den beste kjensla i verda, så eg veit ikkje kva som ville skje!

– For meg er kvar einaste fotballkamp eit privilegium, uansett kven eg spelar mot. Så eg skal gje 100 prosent som i alle kampar, seier Shroot.

Slik startar Sogndal

Som ikkje får starte dagens oppgjer mot Sogndal. Det gjer heller ikkje tidlegare Hødd-spelar, Victor Grodås.

Han er ikkje blitt friskmeldt etter ein brist i ribbeinet og blir erstatta av Rune Bolseth.

SOGNDAL: Mathias Dyngeland - Bjørn Inge Utvik, Hannu Patronen, Christophe Psyche, Taijo Teniste - Petter Strand, Rune Bolseth, Babacar Sarr, Thomas Drage - Mahatma Otoo, Kristian Fardal Opseth.

BENKEN: Stefan Hagerup, Eirik Skaasheim, Peter Aase, Osita Henry Chikere, Simen Brekkhus, Lars Christian Kjemhus, Ruben Holsæter.

Laster innhold, vennligst vent..