Hopp til innhold

Shroot tilbake i Hødd

Robin Shroot har signert for Hødd, og skal vere i klubben dei komande to og eit halvt åra.

Robin Shroot

Robin Shroot har signert for Hødd, og har signert med klubben ut 2017.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Det bekreftar klubben på sine nettsider.

Briten Robin Shroot er dermed tilbake til Ulsteinvik etter ein halv sesong i Sogndal. Shroot gjekk frå Hødd til Sogndal i januar i år, men returnerer no til Høddvoll.

Klar til kamp søndag

Hødd håper å ha Robin speleklar til søndagens kamp mot Åsane.

Robin kom til Hødd frå den engelske League 2-klubben Stevenage framfor 2014-sesongen, og scora 20 mål på 27 kampar i blåkvitt førre sesong. Han har fått tildelt draktnummer 20.

– Vi er veldig glade for å ha sikra oss Robin. Han kjenner spelargruppa og klubben, måten vi spelar på og vil styrke oss både på kort og lang sikt. Robin passar fint inn i måten vi spelar på, og vil vere ein klar bidragsytar i gruppa frå dag ein, seier sportssjef Andre Nevstad til Hødd sine nettsider.

Også hovudtrenar Sindre Eid er fornøgd med nysigneringa.

– Det er eit godt signal på at klubben har ambisjonar. Det at Robin ønska seg tilbake hit er også eit signal på at vi gjer mykje rett i Hødd. Kjekt å få inn nok ein god spelar i troppa, og Robin vert viktig for oss både på kort og lang sikt. Han er ambisiøs, dedikert og proff i alt han gjer, og vil tilføre spelargruppa mykje både på og utanfor bana, seier han.