Hopp til innhold

Auke i bruk av fotograf ved sal av eigedomar

Fotograf Silje Grønnevik Refsdal merkar at det blir stadig viktigare med profesjonelle bilete i eigedomsbransjen. Som ein av få eigedomsfotografar i Sogn og Fjordane, er det ikkje mangel på arbeid.

fotograf Silje Grønnevik

HEILE FYLKET: Silje Grønnevik Refsdal reiser fylket rundt for å ta profesjonelle eigedomsbilete.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

– Eg tykkjer eg er ganske heldig som får reise rundt og sjå så mykje av fylket vårt, for det er eit fantastisk fylke å jobbe og køyre rundt i, seier Silje Grønnevik Refsdal.

Refsdal er i dag tilsett i Zentuvo, eit firma som har spesialisert seg på eigedomsfotografering, og som har hovudkontor i Drammen. Sjølv har Refsdal jobba fulltid som eigedomsfotograf i Sogn og Fjordane dei to siste åra.

Førsteinntrykk viktig

Refsdal merkar at både meklar og seljar er bevisste på at framstillinga av eigedomen skal vere best mogleg, og fleire vel profesjonell fotograf for å få bilete med høg kvalitet.

Og det får du jo igjen for. Det er tross alt verdiar på millionar det er snakk om

Silje Grønnevik Refsdal

– Når ein fotograf tek bileta får du bilete som er klare, fine og profesjonelle. Og det får du igjen for. Det er trass alt verdiar på millionar det er snakk om. Mange eigedomsmeklarar tek fine bilete, det er ikkje det. Men dei fleste har ikkje blitt meklar fordi dei likar å ta bilete, det er ofte av andre grunnar, seier Refsdal.

Meir vanleg i eigedomsbransjen

Pål Anders Kårstad er dagleg leiar ved Eigedomsmekling Sogn og Fjordane. Dei vel å leige Refsdal for å ta bilete av eigedomar som vert lagde ut for sal. Dette har vore ein teneste som både dei og kundane har ynskt.

Sjølv ser dei det som ein styrke å nytte seg av profesjonelle bilete i marknadsføringa av eigedomar. I tillegg til dette fører utviklinga innanfor teknologien til at kundane stiller høgare krav til kvaliteten på bileta.

Pål Anders Kårstad

HAR SATSA: Pål Anders Kårstad hjå Eigedomsmeklar Sogn og Fjordane er positiv til bruk av fotograf i sal av eigedomar.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Bileta blir brukte i blant anna trykte prospekt, aviser og i annonser, ofte over fleire sider. I tillegg blir dei nytta meir og meir på ulike nettflater, både på finn.no og internett, men også på eigne heimesider. Dette gjer at ein no må stille større krav til sjølve bilete og biletfila, seier Kårstad

Vise eigedomens potensial

Ifølgje Kårstad vil profesjonelle bilete vere sentrale i å kunne framstille eigedomen på best mogleg måte. Han meiner gode bilete gjer at ein kan skilje seg positivt ut i konkurranse med andre.

– Dersom ein eigedom tar seg godt ut, vil det kanskje føre til at fleire vel å gå på visninga. Og kjem det mange på visning, så er det klart at det kan bidra til å auke sannsynet for at fleire byr på den eigedomen.

Refsdal trur òg at gode bilete kan bidra til å påverke interessa rundt ein eigedom.

–Med mindre du har bestemt deg for å bu ein viss plass, eller det er få leilegheiter som ligg ute, så har førsteinntrykket mykje å seie. Bileta er ofte det første du ser. Dersom du ikkje likar bileta er det ofte mykje som skal til før du får lyst til å gå på visninga.

Framstilling er viktig

Det vil også vere sentralt at eigedomen blir framstilt på best mogleg måte, noko Refsdal fokuserer på når ho komponerer bileta. Ho tykkjer det er spesielt viktig å vise overgangane mellom romma og oppbygginga av huset.

– Folk er medvitne på at det skal sjå fint ut. Dersom huset er innbydande og ein får ei heimekjensle av det, så er det lettare å sjå seg sjølv bu der. Det er alfa og omega. Spesielt om det er mange eigedomar som ligg ute til sals, seier Refsdal.

Ei teknologisk utvikling

Kårstad trur at bilete med god kvalitet vil bli minst like viktig, om ikkje viktigare i tida framover. Ved Eigedomsmekling Sogn og Fjordane har dei valt å satse på dette i framtida, og dei vil halde fram med å legge til rette for gode løysningar for kvalitetsbilete.

– Det er den vegen utviklinga går. Bilete tatt frå helikopter eller fly er ting som ein ser oftare. Nokre gongar har vi blant anna nytta oss av dronar, og det blir stadig meir vanleg med desse tinga, seier Kårstad.

Viktig å skape det totale bilete

Refsdal tek bilete av huset, utsikta og omgjevnadane. Ho tykkjer det er viktig å gi kundane eit best mogleg bilete av korleis huset og plassen rundt ser ut.

– Alt som er salsfremmande på ein eigedom er viktig å få fram. Enten det er plasseringa eller utsikta som er vesentleg. Spesielt her i Sogn og Fjordane, der vi har mykje fin utsikt og flotte område, seiar Refsdal

(Saka held fram under biletet)

Silje Grønnevik

UTANDØRS: Også nærområdet og uteplassen skal visast. Her brukar Refsdal ei 7 meter lang kamerastong til å fange opp omgivnadane.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

Tilpassa kjøpargruppa

Refsdal meiner det er også er viktig å trekkje fram dei eigenskapane ved eigedomen som er viktig for kjøparen.

– Ein må alltid ha i bakhovudet kven kjøpargruppa er, og fokusere på det som er relevant for kjøparen. Dersom du er i eit bustadfelt eller eit hus som er godt eigna for barnefamiliar, så er det for eksempel viktig å fokusere på eit uteområde som har leikeplass til ungane, seier Refsdal.