Hopp til innhold

Difor er prisfallet på bustader godt nytt

Det beskjedne prisfallet i bustadmarknaden er sunt og talar imot ei bustadboble, meiner økonomar. Dei trur bustadeigarane må belaga seg på ein enda større dempar på prisfesten.

Visning av bolig

Korrigert for sesongvariasjonar fall bustadprisane 0,1 prosent i januar, samanlikna med desember 2013.

Foto: Meek, Tore / SCANPIX

Kjersti Haugland i Dnb Markets

Kjersti Haugland, seniorøkonom i DNB Markets.

Foto: Dnb

– Bustadprisane har klatra lenge og langt. Det er ein refleksjon av den sterke utviklinga me har hatt i norsk økonomi. Me trur ikkje at botnen skal falla ut av bustadmarknaden. Den viser seg no som ganske robust. Det er ein indikasjon på at bustadprisane ikkje er eit resultat av ei boble, seier seniorøkonom Kjersti Haugland i DNB Markets.

Bustadprisane i Noreg steig med 2,4 prosent frå desember til januar, syner den ferske statistikken som er samanfatta av Eiendomsmeglerforetakenes Forening (EFF) i samarbeid med Eiendomsverdi og FINN.

Januar er tradisjonelt ein sterk månad i bustadmarknaden, og det er normalt med eit prisbyks frå desember. Korrigert for sesongvariasjonar fall prisane derimot 0,1 prosent samanlikna med desember 2013.

Vinnarane og taparane

Økonom Øystein Børsum i Swedbank First Securities

Økonom Øystein Børsum i Swedbank First Securities

Foto: Swedbank First Securities

– Dei som tener på det er dei som skal inn på marknaden for første gong og dei som skal selja eigen bustad for å kjøpa noko dyrare. Dei er vinnarane, seier Haugland i DNB.

– Nokon vil kunne tapa på dette, til dømes folk som har kjøpt ei leilegheit for å leiga den ut og venta å sitja igjen med gevinst i form av prisstiging. Men me må ikkje dramatisera det for mykje. Prisfallet er moderat og omtrent som venta, seier økonom i Swedbank Øystein Børsum.

Børsum meiner det beskjedne prisfallet er ein positiv korreksjon.

– Bustadprisane i Noreg har dei siste åra stige veldig mykje meir enn inntektene og kostnadene. Over tid bør desse forholda korrigera seg. Det er difor til det beste for landet at prisane ikkje fell så mykje, men flatar ut over tid. På den måten kan bustadprisane omsider få eit meir normalt nivå, seier økonomen.

Bygging av nye bustader vil også påverka bustadprisane i retning av prisfall. Særleg bruktbustader vil bli mindre konkurransedyktige i tida framover, trur Børsum.

– Ikkje skremde av kriseoppslag

Det har vore mykje spenning rundt framlegginga av bustadprisstatistikken for januar. I fjor haust var trenden negativ, men i desember månad tok salet seg opp igjen og viste lovande takter.

For fjoråret sett under eitt var bustadprisane i gjennomsnitt 3,9 prosent høgare enn i 2012, ifølgje Statistisk Sentralbyrå (SSB). Dette er likevel den lågaste årlege prisveksten sidan 2009, ifølgje EFF.

Spekulasjonar om at ei bustadboble er i ferd med å sprekkja har dermed fått stor plass i media.

Haugland i DNB Markets er overraska over at kriseoverskriftene ikkje har ført til eit større prisfall.

– Ein har snakka veldig mykje om den psykologiske effekten av at bustadprisane har falle i løpet av hausten og avisoppslaga rundt det. At utviklinga no viser seg å vera grei, er eit teikn på at kjøpekrafta blant nordmenn er veldig god, meiner ho.

Spår fleire år med prisnedgang

Ekspertane er meir tilbakehaldne enn før med forventningane til inneverandre år. SSB reknar med at bustadprisane vil falla med totalt 2,2 prosent i løpet av 2014.

DNB hadde i forkant spådd ein moderat oppgang på 0,5 prosent. Dei trur likevel ikkje at botnen er nådd.

– Me trur at bustadprisane kjem til å avta vidare, både i år og dei neste tre åra. Drivkreftene i åra bak oss, sterke lønsoppgjer og stabilt låg arbeidsløyse, kjem til å snu i meir negativ retning. Den samla effekten på bustadmarknaden er at prisane skal enda litt ned, meiner Haugland.

Dei mest pessimistiske prognosane kjem frå Nordea Markets som trur bustadprisane vil søkkja med 7 prosent i løpet av 2014. Ved utgangen av 2015 vil prisane vera heilt opp mot 20 prosent lågare enn i dag, ifølgje rapporten deira «Nordisk økonomisk oversikt».