Hopp til innhold

Sel færre, men ikkje dyrare eigedomar

Pål Anders Kårstad, dagleg leiar Eigedomsmekling hos Sparebanken Sogn og Fjordane, ser ingen grunn til å svartmåle bustadprisane i Sogn og Fjordane.

Pål Anders Kårstad

INGA KRISE: Pål Anders Kårstad ser ingen grunn til å svartmåle bustadprisane i Sogn og Fjordane.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

På landsbasis har bustadprisane falle med 5,9 prosent, men Sogn og Fjordane er til no ikkje del av denne statistikken.

Rett og slett fordi Eiendomsmeglerforetakenes Forening (EFF) meiner det blir omsett alt for få bustader.

– For fylket sin del, så kan eg ikkje seie at vi verken har hatt oppgang eller nedgang. Heller seier magekjensla verken eller. Ja, det har vore ein liten nedgang siste par månadene, men sett opp mot eitt år, så trur eg heller vi har hatt ei utflating, seier Pål Anders Kårstad, dagleg leiar for Eigedomsmekling Sogn og Fjordane.

Omset færre

Eigedomsavdelinga hos Sparebanken Sogn og Fjordane er fylkes største bustadformidlar, men har ingen statistikk som viser utviklinga på bustadprisane.

I fjor formidla dei 430 eigedomar. I år håpar dei å kunne formidle 350. Med andre ord ein god nedgang.

– No har vi hatt veldig god aktivitet i fylkessentera Førde, Sogndal og Florø. Elles er det liten aktivitet i distriktet. Det har ikkje noko med kva som skjer elles i landet, men kva som skjer i næringslivet, seier han.

Ingen statistikk

Kvadratmeterprisen varierer stort. Frå ein snittpris på under 20.000 i distrikta, til kring 30.000 kroner i tettstadane.

– Det er vel ingen løyndom at Førde og Sogndal har høgast snittpris. Så kjem Florø litt bak, og dess lenger ut i distrikta ein kjem jo meir vilkårleg er det kva snittpris ein oppnår, seier han.

Garanti i Førde formidlar eigedomar hovudsakleg i Førde og Florø. Sjølv om dei formidlar fleire og omset for meir enn i fjor, kan ikkje dagleg leiar Tore Berqvam vise til noko statistikk som viser at bustadprisane går den eine eller andre vegen.

Ligg lenger

Hos Sparebanken Sogn og Fjordane seier Kårstad at han likevel ser at omsetjingstida er lengre i distrikta enn i tettstadane.

– Men dei gode objekta ligg ikkje lengre enn før. I bustadmarknaden handlar det om plassering, plassering og plassering. Alle skal ha ein stad og bu, og har dei råd til det og får lån i banken til det, så kjøper dei, seier han.

– Svingingane er nok mykje større i Stavanger, Bergen og Oslo, enn kva vi opplever. Til dømes kan det vere 50 på synfaring i Bergen og 15 i Førde. Det er forhold som gir større svingingar i byane, held Kårstad fram.

Får eigen statistikk

Frå og med februar neste år vil også Sogn og Fjordane vere med i den månadsvise statistikken for bustadmarknaden.

– Det har eg fått munnleg stadfesting på frå EFF. Det er veldig viktig, og noko eg har etterlyst lenge. Rett nok er vi eit lite fylke med under 1.000 omsette bustader for året, men vi er ikkje noko U-land, avsluttar han.