Hopp til innhold

Farleg tynn etter slankeoperasjon

Då vekta stoppa på 186 kilo slankeopererte Ove Kaltveit seg. No kjempar han mot farleg undervekt.

Ove Kaltveit

- Det er ikkje deg sjølv du ser i spegelen. Heile kroppen er framand for deg, seier fedmeopererte Ove Kaltveit.

Foto: Privat

I mars i fjor bestemte Ove Kaltveit seg for at nok var nok. Vektnåla stoppa på 186 kilo og med ein BMI på 52 orka han ikkje lenger å bere på overvekta. Han gjennomførde ein såkalla fedmeoperasjon på Førde sentralsjukehus i fjor.

Og den gav resultat. No veg den 190 centimeter høge mannen 75 kilo, og han slit med å få i seg mat.

- Når eg et kjem det rett i retur. Frukosten min er eit kvart knekkebrød. Det er det eg klarar, seier Kaltveit til vg.no .

Tenkjer berre mat

Ove Kaltveit

- Det er ei mogelegheit å bli operert tilbake, men det må vere siste utveg, seier Ove Kaltveit og konstaterer at fedmeoperasjon ikkje alltid treng vere nøkkelen til eit betre liv.

Foto: Privat

Etter operasjonen har kiloane rast av - opp til 16 kilo i månaden. Berre den siste månadane har han gått ned fire kilo.

Kroppsmasseindeksen har gått frå 52 til 21. Normalen er mellom 18 og 25.

- Operasjonen gjekk slik den skulle, men komplikasjonane i ettertid er ikkje bra. Det er blitt eit ganske einsformig liv. Eg tenkjer nesten berre på mat; kva klarer eg å ete i dag, kva vil eg spy av. Slike tankar går gjennom hovudet nesten heile tida, fortel Kaltveit til NRK.

- Surrealistisk

- Det er surrealistisk. Først å kjempe for å gå ned i vekt, så for å kjempe mot å ikkje gå meir ned i vekt, seier Kaltveit og skildrar det heile som ei merkeleg kjensle.

Det var kombinasjonen høg vekt og dårleg rygg som starta det heile. Kaltveit lir av ein sjukdom som gjer at ryggen stivnar. Men overvekta hindra ryggoperasjon.

Sjølv klarde han ikkje å gå ned dei naudsynte kiloane, dermed vende han seg til Førde sentralsjukehus. Her vart magesekken innsnevra og tynntarmen omkopla.

Høg pris å betale

- Eg vart kvitt diabetesen og står i kø for ryggoperasjon. Men det var ein høg pris å betale, seier han.

Førde sentralsjukehus har gjennomførd fleire undersøkingar, men har så langt ikkje klart å finne svar på kvifor Kaltveit kastar opp så mykje.

- Det er veldig vanleg med oppkast dei første tre månadane - men ikkje i halvanna år. No må vi avvente resultata frå 18-månaderskontroll hos fastlegen, og blir vi uroa ut frå dei, vil vi ta tak i dette på nytt, seier koordinator Camilla Laukeland til VG.

Avlyste kurs

Kaltveit meiner sjukehuset har skorta på oppfølginga.

- Eg har trass alt ein svært god fastlege som støttar, men eg hadde venta at sjukehuset hadde vore meir på bana etter operasjonen. Etter tre månadar skulle vi på kurs. Det vart det ikkje noko av. Etter eitt år skulle det også vere kurs. Heller ikkje det vart det noko av, seier han og fortel at også andre fedmeopererte opplever oppfølginga som manglande.

Helse Førde seier til NRK at dei ikkje har høve til å kommentera oppfølginga frå sjukehuset onsdag. Helseføretaket vil likevel uttala seg på eit seinare tidspunkt.