Hopp til innhold

400 i fedme-kø

Og det er berre på Vestlandet.

Fedme
Foto: TOBY MELVILLE / REUTERS

- Det er heilt uhaldbart for dei det gjeld. Det er ingenting å lure på, seier Geir Henning Hansen frå Svelgen. Han er ein av dei heldige som har fått operasjon, er kvitt diabetesen og tilbake i full jobb.

Akkurat no ventar 400 andre på ein slik operasjon berre i Helse Vest.

 

Geir Henning Hansen frå Svelgen er ein av dei heldige. Han er kvitt diabetesen og tilbake i full jobb etter at han blei operert for sjukeleg overvekt. Men stadig fleire ventar på å bli fedmeoperert. Berre i Helse Vest står nær 400 menneske i kø, trass i at helseføretaket dobla talet på operasjonar i 2007. Det seier informasjonsdirektør Bjørg Sandal

- Det har vist seg dei siste åra at dette behovet nærmast har eksplodert. Så vi har ganske mange som for tida står på venteliste og vil ha slike operasjonar. Sjølv om vi har auka kapasiteten kraftig dei siste åra, seier informasjonsdirektør i Helse Vest, Bjørg Sandal.

Dobla kapasitet

Akkurat no står 400 personar på å bli fedmeoperert berre i Helse Vest sitt område, trass i at heleføretaket dobla talet på operasjonar i 2007. Sandal vil helst meine minst mogleg om kva dette fortel om samfunnet vi lever i.

- Eg veit ikkje om eg og vi er dei rette til å meine alt for mykje om det, men ein treng ikkje mykje kunnskap for å sjå at dette er eit utslag av måten vi lever på, seier Sandal.

Siste utveg

I dag tilbyr alle helseføretaka slike operasjonar, og Helse Vest må auke kapasiteten ytterlegare for å ta unna køen. Geir Henning Hansen frå Svelgen er ein av dei heldige som er operert, kvitt diabetesen sin og tilbake i jobb. Han meiner samfunnet kan spare mykje på å operere fleire, og avviser at dette handlar om dårleg livsstil:

- For svært mange er dett siste utveg, seier han.