Hopp til innhold

Må vente årevis på fedmeoperasjon

Det vert stadig lenger ventelister for dei som skal opererast for fedme ved Førde Sentralsjukehus.

Operasjon ved Førde sentralsjukehus
Foto: NRK

I seks år har dette sjukehuset hatt eineansvaret for slike operasjonar i Helse Vest.

- Og endå fleire pasientar som skal fedmeopererast må no vente mange år, seier overlege Villy Våge

 Svært skuffa

Etter seks år med fedmeoperasjonar for Helse Vest er overlege Villy Våge ved Førde Sentralsjukehus svært skuffa over utviklinga som no fører til stadig lenger ventelister. Situasjonen er spesielt vanskeleg for pasientar utanfor Sogn og Fjordane.

For liten kapasitet

10 sjukehus her i landet opererer fedme, og sjukehuset i Haugesund startar i desse dagar også med fedmeoperasjonar. Men kapasiteten i Helse Vest er likevel altfor låg, seier Villy Våge.

- Overvektsoperasjonar er underfinansierte og kvar operasjon må tilleggsfinansierast frå det regionale helseføretaket. Så då er det eit spørsmål kor mange dei vil betale for, seier han.