Hopp til innhold

Ikkje nok kunnskap om overvekt

Kommunane har ikkje nok kunnskap om korleis dei skal følgje opp overvektige born. Nærare 15 prosent av dei som er ni år i dag, slit med alvorleg overvekt.

Sunn mat til 3. klasse på Flatene skule
Foto: Torbjørn Fardal / NRK

I 3. klasse ved Flatene skule i Førde står sunn mat på menyen til elevane. Men stadig fleire på deira alder slit med overvekt som følgje av dårleg kosthald og lite aktivitet. Rektor Åge Stafnes føler han ikkje veit nok om korleis han skal handtere problemet.

- Vår utfordring er når vi får elevar som er overvektige. Kva gjer vi med det ? Korleis samarbeider vi med foreldre og helsestasjon ?

- Kompetansen må bli betre

Ein studie viser at mellom 10 og 15 prosent av niåringane er overvektige.

Møte om overvektige born i Førde kommune

Fagfolk samla i Førde kommune

Foto: Torbjørn Fardal / NRK

- Og det vil dei halde fram med når dei vert vaksne. I alle fall viss dei ikkje gjer noko med det, seier overlege Fabian Bergquist.

Han meiner kompetansen i kommunane må bli betre.

Og i Førde kommune var fagfolk samla i dag, for å diskutere korleis dei skal gje eit betre tilbod til dei overvektige borna. Eit av tiltaka er å få til eit samarbeid mellom spesialhelsetenesta og kommunehelsetenesta.

Aktiv i barnehagen

For borna i Halbrend barnehage er overvekt per i dag ikkje noko stort problem, seier styrar Sidsel Hereid Øvrebotten.

- Men vi håpar å vere i framkant, og jobbar med å ha eit aktivitetsnivå og eit kosthald som hindrar overvekt.

Må sette fokus

Fabian Bergquist

Fabian Bergquist

Foto: Torbjørn Fardal / NRK

Men kor mykje av ansvaret for fedme-borna som skal leggast til barnehagar og skular, syns Bergquist det er vanskeleg å slå fast.

- I heile den vestlege verda er dette eit sterkt aukande problem. Samfunnet kan ikkje fortsette å sove, slik dei gjorde til for 10 år sidan.

-I den siste tida har vi hatt eit fokus på dette, og det må vi fortsette med for ikkje å få amerikanske tilstandar, seier legen

- Frukt framfor kaker

Han har konkrete forslag til korleis barnehagane kan hjelpe til for dei som allereie er overvektige.

- Ved bursdagar til dømes, kan dei lage til festlege fruktfat i staden for å servere kaker, seier han.