– Eg håpar dette skal få eitt nytt fokus på, og interesse for Astruptunet, seier kunsthistorikar Anders Bjørnsen som avdelingsdirektør i Sparebankstiftinga med ansvar for kunst og kultur.
Hagen etter målaren og teiknaren Nikolai Astrup har lenge hatt behov for ei oppussing og utbetring, og no er løysinga nær. I 2005 kjøpte Sparebankstiftinga DNB kunstsamlinga til Astrup, i blei det kjent at dei også spyttar inn to millionar kroner ti eit forprosjekt der målet er å få sett hagen og tunet i stand att.
Internasjonal lansering
– No skal vi lansere Astrup internasjonalt, i samband med dette arbeidet har eg hatt med internasjonale kunsthistorikarar og museumsdirektør til Jølster, og alle seier dei at dei fått ei heilt ny forståing for Astrup og kunsten hans etter å ha vore i Jølster.
- Les også:
Ordførar i Jølster Oddmund Klakegg er glad for at det endeleg ser ut til å bli ei opprusting av Astruptunet.
– Dette er svært spanande, vi får synt fram Astruptunet som er eit smykke og ei perle for Jølster kommune, seier Klakegg.
Han seier at særleg dette med at Astrup no skal lanserast internasjonalt og bli ein verdskunstnar er spanande for kommunen å vere med på.
- Les også:
- Les også:
I februar 2016 opnar ei stor Astrup-utstilling i London, sommaren 2016 kjem utstilling til Oslo og Henie Onstad Kunstsenter før den blir avslutta i Emden i Tyskland.
– Korleis håpar du tunet no skal bli sett i stand?
– Vi har ein draum om å få fram den magien som låg i tunet då Astrup målte det, seier Klakegg.
Hovudmotivet til Astrup
Astruptunet er Noregs viktigaste eksempel på ein kunstnarhage som er skapt for å vere ein del av den kreative prosessen til kunstnaren, skriv samarbeidspartnarane i ei pressmelding. Nikolai Astrup starta arbeidet med hagen i 1912 og etter at Astrup var nøgd med hagen i 1922 blei den eit hovudmotiv i kunsten hans heilt fram til han døydde i 1928.
– Å smelte saman fagkompetanse på kunst og fagkompetanse på bygg, og ikkje minst kulturlandskap, som er eit levande og krevjande element å drifte er noko vi må ha i bakhovudet, seier Anne Marie Førde som er direktør for Sogn og Fjordane Fylkesmuseum.
- Les også:
Forprosjektet som no blir sette i gang skal blant anna gjennomføre ei omfattande kartlegging av utviklinga av tunet, den noverande tilstanden og kunstnarisk og hagefaglege betydning.
– Vi må no legge planar på eit slikt nivå at musea i Sogn og Fjordane saman med Jølster kommune er i stand til å drifte dette i åra som kjem, seier Førde.