Hopp til innhold

Desse vegane er stengde - ber trafikantane følgje nøye med

Fleire av vegane i Sogn og Fjordane er stengde av ras, eller fare for ras. Avdelingsdirektør i Statens vegvesen, Nils Magne Slinde, ber folk som skal ut å køyre, følgje nøye med.

Ras og stengde vegar

OPNAR IKKJE: F.v. fylkesveg 55 Sognefjellet, riksveg 55 ved Ylvisåker og riksveg 13 over Vikafjellet er stengde grunna ras eller uvêr.

Foto: webkamera/Idun Fivelstad / Statens vegvesen/NRK

– Riksveg 55 er stengd grunna raset torsdag, og her vert det ikkje opna i dag, seier avdelingsdirektør i Statens vegvesen, Nils Magne Slinde.

Det er sett opp kriserute med ferje mellom Hella og Kaupanger.

Frå klokka 16 kjem det inn to ferjer på dette sambandet, og då vil ferjene gå annakvar time frå kvar kant.

– Då skal det vere bra med ferjekapasitet der ut over kvelden, seier Slinde.

  • OPPDATERTE VEGMELDINGAR FINN DU HER

Set inn ekspressbåt

Nøyaktige rutetider for ferje og ekspressbåt finn du her: Ekstra ferje- og ekspressbåtrute på Sognefjorden - vegvesen.no

Samtidig får dette konsekvensar for ferjetrafikken i Balestrand-sektoren, altså ferjene som trafikkerer Vangsnes-Hella-Dragsvik.

Dette sambandet går med halv kapasitet, og etter kriseruter.

Nøyaktige ferjetider finn du her: Vangsnes - Hella - Dragsvik / rutetabell 1 ferje – Fjord1

– I tillegg set vi opp ekspressbåt litt før klokka 15 mellom Leikanger og Sogndal. Vi prøver å tilpasse den ekspressbåten til bussavgangar, altså dei som kjem aust- og vestfrå, seier Slinde.

Han ber dei som er ute og reiser, om å snakke med bussjåføren, slik at ein kan prøve å få tilpassa dette med dei gjennomgåande bussrutene.

(Artikkelen held fram under biletet)

Fjærland

KREVJANDE: Slik var køyreforholda på riksveg 5 i Fjærland fredag ettermiddag.

Foto: Rune Fossum / NRK

Stengjer to vegar grunna rasfare

Fylkesveg 609 mellom Førde og Askvoll er stengd ved Heilevang. Vegen skulle opphavleg stengjast klokka 14 på grunn av rasfare, men alt klokka 13 vart det meldt om at det hadde komme eit ras på vegen.

– Vi har nattesstengt to av fylkesvegane som vi meiner er mest rasutsett. Det er fylkesveg 609 og fylkesveg 616 mellom Davik og Dombestein, seier Slinde.

Begge vegane er stengde allereie, og vil ikkje bli opna att før høvesvis klokka 09 og 10.

– Det er dei som er stengde til no. Vi er også uroa for ein del av gjennomgangsvegane våre, seier Slinde.

Håpar det betrar seg i morgon

Vegvesenet har mellom anna styrka beredskapen på riksveg 5 i Kjøsnesfjorden, på E39 nord-sør i Nærøydalen. Mange av dei aktive raspunkta er litt usikre med den vêrprognosen som ligg føre i kveld, seier Slinde.

Ifølgje han skal regnet minke i 22-tida i kveld.

– Vi har godt håp om at vi skal ha ein relativ normal situasjon frå i morgon føremiddag.

Det er kolonnekøyring på riksveg 52 over Hemsedalsfjellet. Både riksveg 13 over Vikafjellet og fylkesveg 55 over Sognefjellet er stengde grunna uvêr.

– Vi har eit håp om at det vert mildare ut over kvelden. Det er positivt på den måten at det er mindre problem med snøfokk. Men det er dårleg vêr på veg inn, så folk må følgje med. Det endrar seg frå time til time, seier Slinde.

(Artikkelen held fram under biletet)

Filefjell

FILEFJELL: Vinterføre over Filefjell fredag ettermiddag.

Foto: Rune Fossum / NRK

Vurderer rv. 55 laurdag morgon

Geologar har vore oppe i fjellsida på Ylvisåker, der vegen er stengd mellom Leikanger og Sogndal grunna raset som kom torsdag kveld. Her er det ikkje snakk om å opne fredag.

– Geologane måtte dra til fjells til fots. Konklusjonen deira var klar, med vêrmeldingane som ligg føre, at det ikkje er tilrådeleg å opne når ein ikkje får spylt med helikopter, seier Slinde.

Geologane kjem til å komme med ei ny vurdering laurdag føremiddag.

– Det blir ikkje aktuelt å opne før dei har gjort si vurdering, seier Slinde.

Han fortel at det av og til har komme ned einskildsteinar i området også før, og at det er aktivitet i den fjellsida, er ikkje uvanleg.

– Men no har det tydelegvis samla seg opp ein del. Dette er ei strekning som ikkje har høg rasaktivitet, men det er likevel ikkje heilt trygt til ei kvar tid, seier Slinde.