Hopp til innhold

- Dette er svært skremmande

– Flaks at det ikkje gjekk verre, seier fleire bilistar som pendlar på riksveg 55 mellom Sogndal og Leikanger. I går kveld dundra fleire store steinar ned i vegbana.

Tommy Slinde

SKREMMANDE: Tommy Slinde køyrer på strekninga kvar einaste dag.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Tommy Slinde bur like ved rasstaden som ligg mellom Ylvisåker og Ølmheim på riksveg 55.

Kvar dag køyrer han forbi på riksvegen, og han prisar seg lukkeleg for at det ikkje har gått liv tapt i raset som dundra i vegen i 23-tida torsdag kveld.

– Det hadde ikkje vore mykje att av bilen om nokon hadde blitt trefte, seier han og seier slike ras er svært skumle.

– Eg køyrer forbi her kvar dag, gjerne fleire gonger for dagen. Det er ikkje først gong det kjem stein ned her, seier han.

– To gonger tidlegare har det kome ned stein rett framfor bilen min i området mellom der vi står no og Ylvisåker, seier Slinde til NRK.no.

– Flaks at det ikkje var bilar her

Fleire bilistar har møtt stengd veg, og mange gir uttrykk for at dei er skremde over omfanget.

– Det er svært skremmande å sjå kor store steinar som har kome ned her, seier han til NRK.no tidleg fredag morgon, seier Svein Jarle Holsæter.

Han kom til rasstaden i 06.30-tida, men vart møtt av stengd veg. Riksveg 55 er ein svært trafikkert veg og blir mykje nytta av pendlarar. Holsæter er glad ingen er tekne av raset.

– Det går mykje bilar her, og det er flaks at det ikkje var bilar her då raset gjekk, seier han til NRK.

(Artikkelen held fram under)

Riksveg 55 er stengd av eit ras ved Ylvisåker mellom Sogndal og Leikanger. Raset gjekk seint torsdag kveld og det skal ligge stein over eit område på vel 100 meter.

MØTTE STENGD VEG: Dette synet var det som møtte bilistane fredag morgon. FOTO: Arve Uglum.

Frykta bilar kunne vere tekne

Den første meldinga om raset kom klokka 23.15 torsdag kveld. Steinane skal ha kome ned på vegen over eit område på vel 100 meter. Dei største av dei var nesten like store som personbilar.

– Det er ganske store steinar. Dei største er opp mot ti kubikk, seier Marius Rove ved Vegtrafikksentralen.

Dei store rasmassane og skader på autovernet gjorde at ein frykta bilar kunne vere sopa på fjorden av steinmassane. Brannmannskap og politi vart sende til staden, og det vart gjort søk i rasområdet. Ein båt vart mellom anna nytta til å gjere søk ute i fjorden.

– Det var gjort søk i området, og brannkorpset gjorde søk i sjøen med båt. Det var ingen observasjonar som tyda på at det er bilar tekne av raset, seier operasjonsleiar Inge Værøy ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

– Kor sikre er ein på at ingen er tekne?

– Det er ingen som er meld sakna i området, og det er ikkje gjort observasjonar i søket som tyder på det. Det er ikkje olje som kjem opp av sjøen, ingen luftbobler og det er ingen indikasjonar på at bilar er tekne, seier operasjonsleiaren.

(Artikkelen held fram under)

Svein Jarle Holsæter ved rasstaden på riksveg 55

SKREMD: Svein Jarle Holsæter er skremd over kor store steinar som har kome ned.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Kjem seg ikkje på jobb

Riksveg 55 mellom Sogndal og Leikanger er mykje nytta av pendlarar, og det er fredag morgon mange som ikkje kjem seg på jobb som planlagd. Vegen er heilt stengd og det er venta ein geolog til staden for å vurdere rasområdet.

Unnsett vil ein tidlegast starte arbeidet med vegrydding når det lysnar, og det vil truleg ta tid å få fjerna dei store steinane. Det er også skader på både rekkverk og vegbana som må ordnast.

Holsæter seier dei er vande med at det går ras på strekninga.

– Det har ikkje gått så mange ras akkurat her, men litt lenger inne har det gått ras, seier han.

Lange omkøyrinsvegar

Riksveg 55 er ein av dei mest trafikkerte strekningane i fylket, og det er mange pendlarar som nyttar seg av vegen. Omkøyringsmoglegheitene er ganske lange for dei som vel å leggje ut på dei.

Folk som skal mellom Sogndal og Leikanger må anten ta vegen om Lærdal-Vinje-Vik og ta ferje over fjorden til Balestrand, eller dei kan ta vegen om Skei-Førde-Vadheim-Balestrand.

Eventuelt kan ein køyre til Skei og vidare mot Førde, men ta vegen over fylkesveg 13 Gaularfjellet i staden for å køyre via Vadheim-Balestrand.

Det er førebels ikkje teke stilling til om det skal bli sett inn ei ferje på strekninga mellom Hella og Kaupanger, noko som har vore gjort tidlegare.