Hopp til innhold

Det neste døgnet kjem det til å regne i eitt...

Denne helga vert ei av dei våtaste på lang tid. I Sogn og Fjordane er det venta mellom 50 og 80 liter nedbør per kvadratmeter det neste døgnet.

Uver i vente

VÅTT: Dess mørkare fargane er på karta, dess våtare vert det.

Foto: skjermdump / Meteorologisk Institutt

– Det ligg eit ganske kraftig lågtrykk i Norskehavet som gradvis går nordaustover. Så kjem det ein front som passerer fredag føremiddag, og sørgjer for at det tek til å regne. Det vil det halde fram med til i morgon ettermiddag, seier vakthavande statsmeteorolog ved Vêrvarslinga ved Vestlandet, Martin Granerød.

Det er snakk om store mengder nedbør som skal ned det neste døgnet. Også Møre og Romsdal, Trøndelag og sørlege deler av Helgeland får kraftig med nedbør. Grunnen til Sogn og Fjordane går mot ei våt helg, er at vi vert liggjande i ein varmluftssektor.

– Det betyr at det er mykje varm og fuktig luft som kjem inn over land, og så vert det heva ortografisk av fjella. Men så klarar ikkje atmosfæren å halde på all nedbøren, og då kjem det ned som regn, seier Granerød.

Lågtrykka ligg i kø

Og som om ikkje det skulle vere nok, er at det ligg lågtrykk på vent omtrent så langt auga kan sjå.

– Hovudgrunnen til at det kjem så mykje, er at bak det første lågtrykket, er det i ferd med å danne seg eit nytt lågtrykk i jetstraumen, som kjem til å gå ganske raskt over Trøndelag. Men sør for dette, kjem det til å bli ganske mykje nedbør, seier Granerød.

Han kan difor slå fast at det vert lenge til neste opplett.

– Det kjem til å regne kontinuerleg dei neste 24 timane. Kanskje ein bitte liten pause akkurat mellom dei to lågtrykka, men det blir ikkje lenge i så fall, seier Granerød.

(Artikkelen held fram under biletet)

regn fra tak

KRAFTIG: Dei neste 12-18 timane er det venta 50-80 millimeter nedbør. Det betyr 50 til 80 liter vatn per kvadratmeter.

Foto: Marcus T Ward / flickr

Har sendt ut obs-varsel

Tidlegare denne veka frykta Meteorologisk institutt at uveret som treffer området frå Sogn og Fjordane til Aust-Finnmark, skulle utvikle seg til ekstremvêr.

Dei sende ut fase a, noko som betyr at dei auka overvakinga av uveret, i frykt for ekstremvêr.

Slik vêret har utvikla seg, er det lite som tyder på at dei sender ut fase b, som er varsel om ekstremvêr.

– Vi har hamna på at det lokalt kan komme mellom 50 og 80 millimeter nedbør på 12 til 18 timar. Det betyr at det kjem 50 til 80 liter vatn per kvadratmeter. Så då snakkar vi kanskje mykje nedbør, seier Granerød.

Martin Granerød, statsmeteorolog ved Vervarslinga for Vestlandet

TA GREP: Statsmeteorolog ved Vêrvarslinga for Vestlandet, Martin Granerød, rår folk til å sjekke både kummar og stikkrenner, samt binde fast lause gjenstandar.

Foto: NRK

Meteorologisk institutt har sendt ut obs-varsel for helga.

– I tillegg til at det kjem såpass mykje nedbør, så er det meldt ganske kraftig vind, spesielt på kysten. Det er meldt sørvest liten storm utsette stader. På Stad er det venta sterk og til dels full storm no i føremiddag, seier Granerød.

Men temperaturane held seg høge

Også i innlandet vil vinden merkast godt.

– Ein kan vente seg ganske kraftige vindkast. I fjellet er det også obs-varsel ute på sørvest storm-styrke. Det kan slå ned som vindkast i einskilde dalar, og lokalt kan det bli ganske sterke vindkast, seier Granerød.

Temperaturane kjem til å halde seg ganske høge for årstida.

– Det er venta stigande temperaturar i dag. Frå og med i kveld kan temperaturen komme opp i ti grader, spesielt i ytre strøk. Det er venta ganske stabile temperaturar, det vil liggje mellom ni og elleve grader fram til i morgon kveld, seier Granerød.

Frå laurdag kveld søkk temperaturane litt, men ikkje så mykje.

– Det er ikkje snakk om at det kjem ned mot null, det vil halde seg godt på pluss-sida ei stund til, seier Granerød.

Snøgrensa held seg høgt

Det er godt nytt for dei mange høgfjellsovergangane som Sogn og Fjordane har.

– Snøgrensa vil vere ganske høg, men på dei høgste toppane kjem nok nedbøren som snø. I og med at det ligg litt snø i fjellet allereie, så vil ein få noko snøsmelting av den snøen i tillegg til nedbøren. Det kan vere ein faktor for at det vert ganske mykje vatn mange stader, seier Granerød.

Han rår folk til å gjere nokre førebuingar, for å unngå skader både på hus og utstyr, når uveret står på som verst.

– Viss ein bur på kysten eller stader som er utsette for vind, så ville eg sørgje for å ha sikra lause gjenstandar. Når det gjeld nedbøren, så bør folk sjekke kummane sine, slik at vatnet får renne unna, seier Granerød.

Dermed er det berre å førebu seg på ei søkkvått helg, og også neste veke vert det vått. Opplett er det smått med i prognosane.

– Einaste lyspunktet eg kan sjå er at temperaturen går gradvis nedover. Ein eller annan gong midt i veka, er det sjanse for at det vert litt meir sol enn det har vore i det siste. Men fram til tysdag ser det ganske grått ut, seier Granerød.