Politiet fekk melding om at bussen hadde køyrt inn i raset klokka 23.47 fredag kveld. Bussen tilhøyrer Nettbuss Møre og var på veg til frå Volda til Oslo, via Stryn. Ruta er og kjent under namnet Møreekspressen.
SISTE LAURDAG MORGON: 11 personar er henta ut med båt av Røde Kors. Dei 19 andre blir verande i huset inntil vidare.
Bremsa brått
Det var 30 passasjerar ombord i bussen fortel ein av passasjerane, Lars Inge Breivik.
– Dei fleste passasjerane sat og halvsov då bussen brått bråbremsa, og jord og skite vatn spruta over bussen og det knuste i småstein. Då køyrde vi inn i raset.
- LES OGSÅ:
(Artikkelen held fram under videoen)
I gjørme til livet
– Vi fekk ordre om å evakuere bussen umiddelbart for det buldra og bråka i fjellsida. Vi gjekk tilbake to-trehundre meter før det gjekk eit nytt stort ras rett framfor oss. Så no er vi sperra inne mellom to ras, og det er fem hundre meter mellom dei.
(Saka held fram under biletet)
Han fortel at det var tilløp til panikk då dei fekk beskjed om å komme seg ut av bussen raskast mogeleg.
– Det var ikkje mogeleg å få opp den fremste døra på bussen så bakdøra måtte opnast. Den første av dei som gjekk ut sakk langt ned i gjørme til beltet. Så då var det litt dramatisk, og det var mange som nekta å gå ut av bussen.
– Det var litt skummelt og ei trasig oppleving, seier Breivik.
- LES OGSÅ:
Evakuerte til bustadhus
Raset skal vere jordras og vere omlag ein meter høgt. Det står bilar på begge sider av raset, men det er ikkje mogeleg å passere.
Han er no saman med dei andre passasjerane evakuerte til eit bustadhus.
– Det er to gode samaritanar som har opna huset sitt for tretti skitne og våte folk, seier Breivik.
Vegen er stengd på plassen og politiet opplyser at det har gått fleire ras i området fredag kveld. Passasjerane har fått beskjed om at vegen må ryddast før dei verken fram eller tilbake.
(Artikkelen held fram under biletet)
Tre bussar i følgje
Bussen som står innesperra var den første i eit følgje på tre bussar på veg til Oslo. Dei to andre bussane gjekk klar av rasa. Passasjerane i dei to siste bussane er no samla i eine bussen som står på Fosnes.
Den andre bussen er tom og står ved rasområdet der den avventar situasjonen. Så fort vegen vert opna og dei evakuerte passasjerane får forlate området vil denne bussen ta med seg passasjerane anten over Strynefjellet eller via Sogn.