Hopp til innhold

Brevet som slår ned som ei bombe

KOMMENTAR: Bak lukka dører på fredag fekk fungerande styreleiar Helse Førde, Agnes Landstad eit brev som måtte opplevast som ei bombe.

Jon Bolstad og Vidar Vie

'Det er oppsiktsvekkjande om både Vidar Vie og Jon Bolstad står av denne stormen', seier distriktsredaktør Terje Gilleshammer.

Foto: NRK

Nær samtlege tillitsvalde og ikkje minst alle dei store fagforeiningane kjem med ein kritikk av leiinga i Helse Førde som er så sjeldan kost at vi nær aldri har sett maken i Sogn og Fjordane.

Terje Gilleshammer

Distriktsredaktør i NRK Sogn og Fjordane, Terje Gilleshammer.

Foto: NRK SOGN OG FJORDANE

I brevet til styret brukar dei tillitsvalde ord som "grunnleggande mistillit", "store samarbeidsvanskar", "tillitskrise", dei kallar prosessar "ikkje etterettelege".

Dei skuldar administrasjonen for å gå bak ryggen på både styret og dei tillitsvalde. Og dei skuldar administrasjonen for å bryte helseføretakslova og hovudavtala.

Og dette kjem på toppen av den varslarsaka som NRK Sogn og Fjordane melde om på onsdag, der ein tilsett varslar om viseadministrerande direktør sin leiarstil.

Berre eitt av desse forholda åleine ville vere alvorleg, i lag er det eit føretak i djup krise!

Styreleiar vil ikkje kommentere innhaldet

Viseadministrerande direktør, Vidar Vie, har ikkje vore tilgjengeleg for kommentar. Administrerande direktør, Jon Bolstad, ynskjer ikkje å kommentere kritikken og viser vidare til fungerande styreleiar Agnes Landstad. Ho seier dei tek uromeldinga på største alvor men vil ikkje kommentere innhaldet eller prosessen.

Desse tre, resten av styret og dei innleigde konsulentane som skal vurderer saka har litt av ein jobb framfor seg.

For vi snakkar om ei offentleg verksemd som forvaltar eit av våre viktigaste velferdstilbod og dermed store offentlege løyvingar.

Difor handlar dette om tillit.

Helse Førde er fylkets største arbeidsplass. Ein skal difor krevje at dei skal vere ein ryddig arbeidsgjevar.

Helsesektoren er, som resten av samfunnet, avhengig av evne til omstilling. Og omstilling midt i ei så grunnleggande tillitskrise er nær umogleg.

Alvorleg bakteppe over fleire år

Dette er ikkje fyrste gongen at leiarstilen til leiinga i Helse Førde blir kritisert.

I 2010 hadde NRK Sogn og Fjordane ei rekkje saker om tilsette og tillitsvalde som hevda det var ein fryktkultur i Helse Førde. Ein overlege brukte begrepet "munnkorgstalinisme".

Administrerande direktør, Jon Bolstad, kalla då kritikken eit samansurium av gamle saker, og både han og dåverande styreleiar Clara Øberg avviste alle mistillit.

Sakene den gong hadde eit drag av sjukehuskamp over seg. Fylket var akkurat ferdig med den brennheite striden rundt omlegging i Lærdal og på Nordfjordeid, og fleire av dei tydelegaste kritikarane var knytt til Nordfjord Sjukehus.

Og kanskje var det ein av grunnane til at dette bles over, i takt med at ein ville legge sjukehuskampen bak seg.

Men no brenn det i dei indre korridorane i Helse Førde og det brenn i miljøet på Førde Sentralsjukehus. Og då er det vanskelegare å samle rekkene og gå vidare.

Oppsiktsvekkjande om Bolstad blir sitjande

Det store spørsmålet er om administrerande direktør, Jon Bolstad, og viseadministrerande direktør, Vidar Vie, kan bli sitjande som toppsjefar.

Det avgjerande blir om dette kan forklarast som motstand mot endring, sidan omleggingane i Helse Førde er bakteppet for kritikken.

Samstundes er tillitskrisa så omfattande at ein kan bruke Bolstad sine eigne ord frå 2010 om eit samansurium.

Og dette samansuriet av gamle og nye saker er no overveldande. Så om ikkje granskinga viser at dei tillitsvalde har ei svak sak, så er det oppsiktsvekkjande om både Vidar Vie og Jon Bolstad står av denne stormen.