Hopp til innhold

Billa and the Kid har laga Bergen-blues

Etter mange år med pause er duoen bak fylkesslageren «Vikjahuset» attende med ei låt om ein kar som ikkje heilt har hellet med seg i Bergen.

Billa and the Kid singelcover
Foto: Coverfoto

- Dette er vår første innspeling sidan «Vikahuset» og «Dine fine auge» kom ut i 2009, seier Bjørn Rune «Billa» Nondal. Saman med Gunnar Yttri er han sogneduoen som kallar seg «Billa and the Kid.»

Uhelldig sogning i Bergen

Inge Ronny Kvåle og Gunnar Yttri

I STUDIO: Her er Gunnar Yttri (t.h) og Inge Ronny Kvåle i full gang med innspelinga av den nye låta til Billa and The Kid.

Foto: Pressefoto

I dag gir duoen ut sin nye song som dei har kalla «Bergen By Blues.» Songen handlar om ein kar som ikkje heilt har hatt hellet med seg i Bergen.

–Det er slike ting som hender. Vi ville gi ut noko som kunne dansast til. «Bergen By Blues» svingar heile vegen, litt varsamt i byrjinga, men so byggjer vi det opp og det heile endar ut i rein rock and roll, fortel Billa.

Dei som er fans av duoen frå Sogndal kan glede seg til enno meir ny musikk i 2016. Dei har nemleg fleire populære songar som dei berre har framført på konsertar. Planen er at dei i løpet av året skal gje ut fleire av desse.

Først framført under jubileum

«Bergen By Blues» vart første gong framført i ei god veninne frå Voss sitt 35 årslag for nokre år tilbake, seier Gunnar Yttri. Det er han som har skrive låta.

Låta er ein blues frå Vestlandet, musikalsk inspirert av Tom Waits og Howling Wolf og strengekunstnar Inge Ronny Kvåle. Kvåle sitt eminente gitarspel kan ein høyre ligg langt framme i lydbiletet på låta. Omslaget er laga av biletkunstnaren Astri Tove Haug.

Satsar på framtida

Billa & The Kid

FLEIRE LÅTAR: Det er venta fleire låtar frå Billa and The Kid i løpet av 2016. Her er dei på scena under ein konsert i regi av NRK Sogn og Fjordane.

Foto: Brit Jorunn Svanes/NRK

Billa and The Kid har også denne gongen fått Maria Gunnarsdotter Svedal til å lage ein video til låta.

- Me må henga med på den teknologiske utviklinga. Samtida og framtida er elektronisk og digital. Men me vurderer stoda frå dag til dag. Kanskje gir me ut ei cd-plate på vårparten og då med minst ein song til, seier Bjørn Rune «Billa» Nondal.