Hopp til innhold

"Vikjahuset" på Vikjahuset

Det var allsang og stor stemning då Billa and the Kid framførde "Vikjahuset" for dei innsette i Vik fengsel.

Billa & The Kid
Foto: Brit Jorunn Svanes/NRK

Det var i samband med opninga av eit nytt servicebygg Billa and the Kid var invitert til å spele i Vik fengsel.

– Vi spela først ved opninga av bygget, og etterpå hadde vi ein eigen konsert for dei innsette i fengselet, fortel Gunnar Yttri.

– Allsang og høg stemning

– Då vi framførde "Vikjahuset" var det allsang og høg stemning. Det var nok mange innsette som kjem frå andre delar av landet og som ikkje hadde noko forhold til sangen frå før, men det tok ikkje lang tid før dei var med på refrenget.

Lokal Folsom Prison Blues

Utan samanlikning elles, så hadde Johnny Cash braksuksess med "Folsom Prison Blues" då han framførde songen i Folsom Prison 13. januar 1968. No har altså Billa and the Kid gjort ein lokal variant.

Vil du høyre og sjå Billa and the Kid framføre "Vikjahuset"?

Vik fengsel

Vik fengsel.

Foto: Ottar Starheim / NRK