Hopp til innhold

Idretten var lenge berre ein leik - men no vil Åge (19) opp i eliten

JØLSTER (NRK.no): Ikkje sidan 1980-talet har Sogn og Fjordane hatt ein alpinist med liknande potensial som Åge Solheim (18) på herresida.

Åge Solheim

MOT TOPPEN: Åge Solheim er i ferd med å køyre seg inn blant dei beste løparane i landet.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Resultata i det siste har vore veldig motiverande. Det gir jo ekstra motivasjon når ein får att for strevet. Så det er ingen tvil om at eg vil satse vidare, seier Åge Solheim.

For eit år sidan vann han sitt første NM-gull i super-G. Førre helg var han i Sverige, der han for første gong gjekk til topps i eit FIS-renn.

Og i helga greidde han det igjen: 18-åringen frå Stårheim vann laurdagens FIS-renn i Bjørkelia. No meiner trenaren at eleven har komme i toppen for å bli.

– Draumen min er å bli verdas beste. Eg trur det er mogleg, seier Solheim sjølv.

– Han har alle moglegheiter til å nå opp

Uansett er det svært lenge sidan Sogn og Fjordane har fått fram ein alpinist av Solheim sitt kaliber på herresida. Folk NRK har snakka med i miljøet er samde om at vi må tilbake til 1980-talet og tida med Even Hole for å sjå noko liknande.

Rune Espe i alpinbakken

I BAKKEN: Rune Espe.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Det er berre han sjølv som avgjer kor god han kan bli. Han har alt som skal til. Eg trur han kan nå langt om han får vere skadefri og har viljen, seier Rune Espe.

Han sit i alpinkomiteen i Sogn og Fjordane, og representerer Haugen – som også er moderklubben til Solheim. Han trur fylket kan ha lov til å håpe på ein alpinist i internasjonale konkurransar i framtida.

– Men det er veldig små marginar. Han må vere tolmodig, skadefri og få sleppe til. Men no køyrer han så godt, at han har alle moglegheiter, seier Espe.

Trenar Rolle Johansson (t.v.) i samtale med Åge Solheim

STORT POTENSIAL: Trenar Rolle Johansson (t.v.) meiner Åge Solheim kan nå så langt som han sjølv vil.

Foto: Rune Fossum / NRK

Trenaren: – Ser at han kan bli veldig god

Dei siste tre åra har nordfjordingen gått på NTG på Lillehammer, der han mellom anna har fått kyndig rettleiing av den respekterte trenaren Rolle Johansson.

– Åge er det du kan kalle ein toppidrettsutøvar. Han har alltid vore god på ski, men ikkje levd på det. I staden har han sett framover og jobba beinhardt for å nå måla sine, seier han.

– Og no har det losna, slik at han får resultata han har jobba mot. Eg trur likevel dette berre er eit steg på vegen. Han kjem til å satse for fullt vidare, seier Johansson.

– Kor god kan bli?

– Det bestemmer han jo sjølv, men eg ser at han kan bli veldig god.

Føler dagen er bortkasta utan trening

Så lenge han kan hugse, har Solheim drive med ski og idrett. Han heldt også på med fotball og friidrett, og har ein allsidig bakgrunn.

Først då han byrja på NTG vart idretten meir enn ein leik. Då innsåg han også kva som skal til for å lykkast.

– Eg trenar mellom ei og to økter kvar dag gjennom heile året. Så snart eg ikkje trenar, føler eg at dagen er litt bortkasta. Men eg synest ikkje eg ofrar noko. Det er jo dette eg likar å drive med, seier Solheim.

SJÅ ÅGE SOLHEIM KØYRE INN TIL SIGER i FIS-RENNET:

Åge Solheim frå Haugen køyrer inn og vinn FIS-rennet i Jølster.

Blir motivert av folk som forventar mykje

Han har denne sesongen etablert seg blant dei ti beste i slalåm og storslalåm i FIS-renn. Februar har resultert i fleire pallplasseringar. Også søndag vart ein god dag - då vart Solheim nummer sju.

Han synest det er kjekt at folk trekkjer han fram som eit stort talent.

– Det er kjekt at folk har forventingar. Det er noko som motiverer meg. Eg kan jo ikkje skuffe dei, ler Solheim.

Han satsar på å stabilisere seg i toppen i nasjonale FIS-renn. Målet er på sikt å komme seg inn på eit landslag. Men aller først ventar NM på Hemsedal om ein månads tid.