Hopp til innhold

Her jublar han over sin første FIS-siger

Alpinisten Åge Solheim (18) suste i helga inn til 1. plass i FIS-rennet i slalåm i Sunne i Sverige. Det gir motivasjon til vidare satsing.

Åge Solheim på topp på pallen

GODT: - Det kjennest godt å endeleg få utteljing for dei tallause treningstimane som ligg bak, seier Åge Solheim, etter sigeren i FIS-rennet i Sverige førre helg.

Foto: privat

– Det var strålande. Eg låg på 4. plass etter 1. omgang, og skjønte at eg måtte berre satse alt eg kunne. Det var stort å sjå namnet sitt øvst på tavla etter løpet, seier løparen frå Haugen IL på Eid.

Med sigeren rasa eidaren også nedover i FIS-poeng, og noterer seg for 21.14.

– Eg hadde 37 før sesongen, så det er ei klar forbetring, ja. Det er utruleg kjekt å sjå at alt ein legg ned av treningstimar gir utteljing, seier Solheim.

Før var det for moro, no er det alvor

18-åringen har drive med ski omtrent så lenge han kan hugse, og spesielt slalåm og storslalåm ligg hjarta hans nærast.

– Eg køyrer alle disiplinar, men det er nok dei to eg likar best og er best i, seier Solheim.

Då han var 16 år tok han til på NTG på Lillehammer, og etter det har pila berre peika ein veg.

– Før det stod eg på ski mest for moro. Men då eg kom på Lillehammer innsåg eg kva som verkeleg skulle til for å bli god, seier Solheim.

I fjor vann han junior-NM i Super-G, noko som var eit stort steg.

– Det gav veldig motivasjon for vegen vidare, seier Solheim.

Vil på pallen til helga

I helga er det FIS-renn i Bjørkelia i Jølster, og eidaren er klar på kva ambisjonar han har for dei to renna han skal delta i.

– Eg vil på pallen, heilt klart. Forma er bra, så det er fullt mogleg, seier Solheim.

Men han er klar på at det er små marginar. I det andre slalåmrennet i Sunne køyrde han ut.

– Ein må satse for å kunne prestere. Og av og til går det ut, seier Solheim.

Han gler seg til å måle krefter med medalpinistar i Bjørkelia, og likar bakken godt.

– Det er ein bakke som eg har gjort det godt i før. I tillegg kan det bli utfordrande forhold, og det passar meg fint, det også, seier Solheim.