Dermed får forkjemparane for at Alarmsentralen i Florø inga drahjelp frå naboane i sør.
Ni av 20 skal vekk
Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap vil legge halvparten av landets Alarmsentralar. Dagens 20 bør bli 11, meiner DSB. Fem rundt Oslofjorden, berre seks i resten av landet.
Alarmsentralane har som oppgåve å svare på alle 110-naudoppringingar, i tillegg til å overvake automatiske brannvarslingsanlegg og tryggleiksalarmar.
Blant sentralane som er føreslått nedlagt, er Alarmsentralen i Sogn og Fjordane - til store protestar frå tilsette, brannsjefar og politikarar.
- LES OGSÅ:
– Lang erfaring med småkommunar
I eit høyringsskriv til Direktoratet for sammfunnssikkerhet og beredskap stiller Brukerutvalget for Alarmsentral Brann i Hordaland seg positive til planane.
«Storre operasjonsdistriket vil gi færre 110-sentraler med flere hendelser, økt operativ erfaring og gi operatørene bedre kompetanse i å håndtere hendelser.», skriv Stein Gjøsund.
Han leiar brukarutvalet for sentralen i Bergen og er til dagleg tilsett i Os kommune.
Gjøsund viser til at sentralen i Bergen alt har ansvar for 30 kommunar - også Gulen og Solund i Ytre Sogn. Sentralen har lang erfaring med små kommunar i grisgrente strok.:
«En utvidelse av regionen nordover - t.o.m. øvrige kommuner i Sogn og Fjordane politidistrikt - vil således ikke representere nye utfordringer for sentralen»
Ålesund vil også ha Sogn og Fjordane
Tonen i Hordaland er såleis den samme som i Ålesund, der leiaren for Alarmsentralen, Geir Thorsen, alt har vore ute og fridd til Sogn og Fjordane om at dei gjerne tek over ansvaret om Florø blir lagt ned.
- LES OGSÅ:
(Artikkelen held fram under tv-saka)
Fryktar viktig lokalkunnskap går tapt
I Sogn og Fjordane har mostandarane av nedleggingsplanane særleg frykta viktig lokalkunnskap skal gå tapt, dersom alle 110-naudtelefonar frå Sogn og Fjordane blir operert frå Bergen.
Ikkje minst fordi mange stader ikkje har gateadresser å vise til når det oppstår akkut naud.
– Våre lokalkunnskapar har fleire gonger vore avgjerande for utfallet av hendingar, uttlate dagleg leiar Terje Bransøy ved Alarmsentralen i Sogn og Fjordane til NRK då kuttplanane vart gjort kjende i januar.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
(Artikkelen held fram under biletet)
Viser til erfaringane i Bergen
I Hordaland legg brukarutvalet vekt på at fleire hendingar har vist at det er viktig med store og robuste operasjonssentralar.
«Erfaringer fra 110-sentralen i Hordaland - gjennom flere hendelser som bla. Rocknes-forliset, storbranner, skog- og lyngbranner, jordras og flomsituasjoner - har vist at kompetanse og kapasitet er både viktig og avgjørende», heiter det i høyringsuttalen.
Mens Hordaland gjerne tek over ansvaret for alle kommunane i Sogn og Fjordane, ber dei derimot at grensa sørover blir endra. I dag følgjer den politidistriktsgrensene, mens Brukarutvalet for Alarmsentralen ønskjer at den skal følge fylkesgrensene.